Ingenting er som norsk fjellaure 

Ingenting er som norsk fjellaure 

Fersk fjellaure bringer fram gode minner frå barndommen i Sogn. 

Så fort vi fekk lov vart fjellsekken pakka og vi hoppa på sykkelen for å komme oss inn dei samle vegane i dalen. Der venta ein bratt tur på nokre timar før vi var framme.  

Sidan vi var unge, og kanskje lite framtenkte, hadde vi sjeldan med oss ekstra mat. Det var heldigvis ikkje noko problem då hytta var godt utrusta med hermitikkboksar med Joika-kaker, frå 80-tallet.  

Ein kan raskt konkludere med at vi var avhengig av litt fiskelykke, uavhengig av kva for ver som var der.  

Nøgde kunne vi danse oss tilbake til hytta med fangsten. I små og rolege elvar var kunsten å ligge på alle fire slik at fisken ikkje såg oss. Vi var heilt stille. Vipps fekk vi napp.  

Tilbake i hytta vart auren sløygd, vaska og surra inn i egg, mjøl, salt og pepar. Panna var varm. Fyrst surra vi løk, før fisken vart lagt på, og det tok ikkje lang tid før den var klar.  

Tilbehøret var enkelt,- ein dash rømme.  

Det er faktisk ikkje meir som skal til. Du skal også vere klar over at aure er i sesong, deriblant er det ekstra stas med den gode aure frå Jølster.  

I dag vil eg anbefale deg ein vri av barndomsretten. Du vil gjerne grine litt på nasen med tanke på tilbehøyret, men sanninga er at det er friskt og absolutt noko du bør prøve. Å vri litt på det tradisjonelle er ikkje nødvendigvis negativt.  

Fjellauren skal steikast på panna med ok varme, og fisken skal vi servere saman med rømme og sylta agurk med rabarbra og chili. 

Ettersom det er sauvignon blanc i fokus denne månaden er det inga overrasking kva du skal drikke til. Test ut denne godbiten, den er mogleg å bestille her

Fersk fjellaure med spicy agurk- og rabarbrasalat 

 

Oppskrift:  

1 fersk fjellaure 

1 pk. Rømme 

Smør 

Flattbrød 

 

Spicy agurk- og rabarbrasalat  

1 agurk 

2 ss vatn 

1 ss sukker 

1 ss eddik 

½ ts salt 

½ ts malt kvit pepar 

1 rabarbra 

¼ chili 

 

Fileter fisken, og ha salt og pepar over. Legg den så til sides og tilbered spicy agurk- og rabarbrasalat.  

Bland saman vatn, sukker, eddik, salt, pepar og smak til. Del så opp agurken og rabarbraen i tynne skiver, bruk gjerne ein ostehøvel om det er enklare.  

Chilien skal vere i små bitar.  

Bland alt saman og smak til.  

Varm så opp steikepanna, legg auren på og følg med. Om fisken er liten, slik som denne, tek det ikkje lang tid.  

Server alt saman og ha gjerne poteter til om du vil ha meir mat.  

Retten kan godt nytast heime eller så er det også ein enkel sak å ta med seg ut i naturen. Vi går hausten i møte og den sola vi får ein smakebit av bør nytast.  

Du kan anten gjere det enkelt ute.  

Voila! Nyt måltidet med eit glas Sancerre.