Anniken England

Vin i fokus til bedrifter!

Anniken England
Vin i fokus til bedrifter!

”Det er kvardagane det er flest av”... 

..vert eg stadig minna på. Så korleis kan ein ha det best mogeleg i denne berømte kvardagen?   

Store delar av tida vår vert nytta på arbeidsplassen, så kvifor ikkje starte med å auke trivelsen her?   

For meg har dei gode relasjonane til kollegaer vore heilt sentralt i trivselen på jobb.  Med godt  samhald  og god dynamikk i ei arbeidsgruppe  er det både kjekkare å vera på jobb,  lettare å fordele arbeidsoppgåver  og ein føler at det er større  takhøgde  for å komme med det ein sjølv faktisk meiner  og står for.   

 For å komme til det punktet at kollegaane er trygge på kvarandre og set pris på kvarandre, lyt ein bruka tid ilag. Gjera noko saman - noko som bind ein tettare og gir ein noko felles å snakke om.     

Så kva skal no det vera?  

Opplevingar lev  ein lenge på.  Dei  gir oss inntrykk, minner  og  nye innblikk  i  livet. Kvar og ein har sine ting  dei set ekstra pris på, men  det viktigaste  er å oppleva gode  stunder ilag.   

”Mat  skar´em  ha” - Kvar einaste dag. 

For meg har eit godt måltid ofte vore vegen til den gode samtalen.  Å samlast  til god mat, gjerne med eit glas vin,  er noko som bind ein saman  og er med på å byggja dei gode relasjonane.  Dei flottaste opplevingane har eg rundt eit bord,  anten med kjende eller ukjende personar.     

Min bakgrunn og erfaring innan mat- og  vinfaget  har gjort meg  levande engasjert for å dele denne  gleda  over det gode måltidet  med fleire.   

Difor  tilbyr eg ei rekke  alternativ  til bedrifter som ynskjer å gjere noko saman,  lære, og  ha gode opplevingar saman som ei gruppe.   

Eg er levande oppteken av dette og har ei rekke pakketilbod som eg tilbyr. Nedanfor vil du finne dei kort oppsummert. 

Kom gjerne med ei tilbakemelding, eg treng meir informasjon frå deg for å lage det optimale arrangementet og tilpasse  det til  bedrifta di.      

 

Kva kan eg tilby deg?     

  1. Vinkurs  
  2. Mat- og vinkurs 
  3. Vinskule hausten 2017  
  4. Julebord  
  5. Reiser   

Sjå gjerne på tidlegare bedriftsarrangement her.