Sauvignon blanc frå New Zealand

Sauvignon blanc frå New Zealand

Ikkje alltid skal ein fremje dei mest populære flaskene, men også finne dei som blir sette i skuggen. 

Populariteten er ikkje nødvendigvis basert på kvalitet åleine, men snarare kven som skrik høgast.  

Både Australia og New Zealand er vinnasjonar som har levd i skuggen i mange år. Dei har vore kjende for å halde fokus på kvantitet, men også her skjer det endringar. Fleire set kvalitet i fokus og det gjenspeglar vinane vi får tak i.  

Stadig kjem eg over spanande vinar frå begge desse landa, og i dag skal det handle om New Zealand.  

New Zealand er på kontinuerleg frammarsj, og personleg set eg pris på dei for sine aromatiske, klare og fruktige vinar.  

For å sette New Zealand i europeisk perspektiv kan vi seie at dei breiddegradsmessig ligg tilsvarande frå Bordeaux til den sørlege delen av Spania. Det betyr fin variasjon i klima, men då Stillehavet omfamnar landet er det naturleg at temperauren generelt er noko lågare.  

Temperaturen om dagen er gjerne høg, men varierer mykje mot natta då den reduserast kraftig. Det betyr at ein får eit kaldklima.  

Historisk sett hadde landet 400 hektar planta med vinstokkar i 1960 og berre 50 år etter var arealet auka til 22.000 hektar.  

Ikkje spesielt overraskande dominerer den kvite drua sauvignon blanc og den raude pinot noire kvalitetsmessig, men ein finn også gode utgåver av vin laga på drua riesling og chardonnay.  

Kva er det som er så himla godt med sauvignon blanc frå New Zealand? Etter mi meining er det aromaen. Den vert kjenneteikna av sine tonar av stikkelsbær, paprika og gjerne pasjonsfrukt, men her kan ein også finne variasjonar som gir tomatstilk, melon, lime og nyklipt gras.  

Frå nordøya finner ein gjerne den modne, blautare vinen med tydleg tropisk karakter – noko som skuldast eit varmare klima, medan den sørlege øya stiller med vin som er lettare, men med skarpare tonar.  

Generelt får ein aromatisk vin herifrå som gjerne kan nytast i godt lag. Ikkje nok med det, ein kan også finne gode bag-in-box alternativ. Sjølv her byr landet på gode, aromatiske vinar som ikkje skuffar verken smakssansen eller lommeboka.  

Dagens anbefaling går difor til Cloudy Bay Sauvignon Blanc.