Vin, Lær om vinAnniken England

Korleis smake på vin?

Vin, Lær om vinAnniken England
Korleis smake på vin?

Faktisk så er det å smake vin enkelt - det er nesten som ein drikk vatn. Skilnaden er at vi med vin først luktar og deretter smaker.  

Alle kan lære seg å smake på vin, alt du treng er eit glas vin og sansane dine.  

Å lære meir om vin betyr eigentleg at ein blir meir oppmerksam på vinen, og me har då ei lita rutine som ein følgjer,- dei fire stega. Om du i tillegg klarar å bli meir oppmerksam på aroma og smak rundt deg, vil du brått få meir ut av vinsmakinga også. Det skal ikkje meir til enn at du står på kjøkkenet og luktar på krydder, gjær, brød og brødbakst, eller frukta på matvarebutikken, eller blomstrane. Som du merkar, lukter er rundt oss over alt.  

I byrjinga vil du mest truleg vere mest oppteken av sjølve smaken, dvs. om du tykkjer vinen er behageleg i munnen eller ikkje, og om du likar den. Luktesansen er eit veldig ømfintleg instrument og det er mange som ikkje nyttar den til sitt fulle potensiale. Det å bli ein god eller betre vinsmakar handlar faktisk om å bruke luktesansen, trene den opp til å registrere, hugse og gjenkjenne eit vidt spekter av forskjellige aromaer.  

Omgivnadane kan spele inn på vurderinga, sjølv den ikkje skal det når ein skal gi ei objektiv vurdering.  

På reise, gjerne til Syden, der det er varmt, palmar og livet er i sus og dus, har du kanskje opplevd at den lokale vinen var noko av det beste du hadde smakt, men når du kom tilbake var den ikkje i nærheita av å oppnå same vurderinga under dei normale forholda heime. Det er openbart sinnstemninga som har spelt deg eit puss.  

Difor er det viktig at sinnstemninga ikkje påverkar ein og at ein gjerne er i så nøytrale forhold som mogleg når ein skal gjere ei objektiv vurdering. Helst skal ein ikkje nytte verken parfyme eller etterbarberingsvatn når ein held på med vinsmaking. Og tru meg,- det kan vere utfordrande. 

Difor har eg fire steg du kan begynne å leike deg med. Du treng ikkje gå i djupna, men begynn med dette:  

  1. Sjå på vinen, kan gi rettleiande informasjon, men vi treng dei to neste stega også. 

  2. Lukt på vinen, men ikkje for lenge, då ven nasen seg til aromaen. 

  3. Smak på vinen, bruk heile munnen, finn ut korleis vinen kjennes.  

  4. Konkluder, ved hjelp av alle dei ovanfornemdepunkta.  

 

Bruk stega, igjen og igjen.  

Det handlar om å bli meir oppmerksam, gjer deg opp ei meining om kva som var skilnaden på denne vinen samanlikna med andre vinar du har drukke. På den måten vil du finne ut kva for stil du set meir pris på enn andre.   

Som ein seier: Øving gjer meister! Og dette er vel ein av dei kjekkare tinga ein kan øve på, eller? 

Lukke til!