Vin som hygge om hausten

Vin som hygge om hausten

Den friske hausten er godt i gang. Ein kan kjenne den kjølege og friske lufta medan blad i gule, raude og grøne fargar prydar fjellsidene.  

Sjølv om det fortsatt er gode moglegheiter for å stikke nasen utomhus, er det også få tider på året det er kjekkare å nyte kveldane inne. Om ein har peis vert nok denne flittig brukt. Finn noko godt i koppen, eg har nokre tips til deg.  

I løpet av september skal vi ta føre oss kvitvinsdrua sauvignon blanc og optimale rettar som passar til. I denne omgang vil det vere norske råvarer med enkle kombinasjonar som du kan nyte både heime og på tur.  

Attpåtil kjem det kjekke tips til korleis ein betre kan smake på vin, og gjerne også nokre oppklarande ord.  

Fyrst, lat oss bli betre kjent med drua. 

Kjenner du til drua sauvignon blanc frå før? Og visste du i så fall at ho står bak kvitvinane frå Sancerre og Pouilly Fumé i Frankrike?  

Altså er den frisk og aromatisk, med god syre. Eg drikk den oftast åleine, men den passar like godt til mat. Kanskje også betre i nokre tilfelle. Tidlegare har eg kombinert den med salaten til Åse Kongsvik som byr på blant anna spekeskinke, geitost, asparges og ramslauk. 

Drua er faktisk ein av dei mest planta rundt om i verda, men skilnaden er stor avhengig av kvar den er dyrka og produsert.   

Sanninga er at drua ofte blir misforstått, nettopp grunna denne store spennvidda. Vinar laga på drua kan smake totalt forskjellig alt etter kor den blir produsert, noko som viser til betydinga av terroir, altså kor drua faktisk har vokse opp.  

Eg skal ta føre meg Loiredalen, Bordeaux, Spania og New Zealand. Attpåtil har eg videoar som skal gi eit spanande innblikk i mi verd, med meir inspirasjon til deg.  

Det skal ikkje vere mangel på informasjon og tips, ta det i bruk og kom med innspel om dette er råbra eller ikkje.