Tips til smaking

Tips til smaking

Kva leitar ein etter i ein vin for å skilje den frå ein flott, god eller mindre god vin? Kva skal ein ”sjå” etter?  

Funksjonen til Vinmonopolet bringer stadig debatt, spesielt i desse dagar då taxfreen byr på to ekstra vinflasker for dei som ikkje kjøper tobakk. Ein ting er sikkert, endeleg kan eg ha ein fordel av at eg ikkje nyttar røyk eller snus.  

Det er ein sann fryd å menge seg med ei så flink og kunnskapsrik betjening. Dei tilsette på Vinmonopolet sit med ein enorm kunnskap. For meg er Vinmonopolet reine godteributikken, og her kan eg alltid innhente tips, gode kjøp og bli opplyst om nye produsentar.  
 
Det unike med å analysere ein vin, gjerne blindt, er forståinga av vinens verden.  

Korleis kan vin frå Provence smake så ulikt frå Alsace? Menneske har dei beste føresetnadane til å kunne analysere vin. Alt ein treng er auge, nase og munn. For å bli betre og lære seg å beherske kunsten av å smake blindt ligg hemmelegheita i trening, trening og meir trening.   

Kort sagt analyserer ein vinsmakar vinen. Framgangsmåten er å sjå nærmare på; utsjånad, lukt, smak og deretter konkludere. Dei som smakar ti-talls vinar må vere 100% fokuserte, og ein må bevare smaksinntrykka som eit viktig referansepunkt.  

 

TIPS – KVA ER VIKTIG?  

  1. Generelt vil eg anbefale å bruke eit reint glas. Folk har ulike preferansar for å vaske vinglasa sine. Personleg nyttar eg anten oppvaskmaskina (pass her på at dei står stødig) eller vaskar dei med zalo i varmt vatn. Uansett metode, pass på å pusse glaset med eit halvfuktig stoffstykke før smaking for å få glaset merkefritt. Poenget med eit reint glas er ha dei beste føresetnadane for å sjå fargen i vinen.  

  2. Ha gjerne ein kvit duk eller eit kvitt papir som bakgrunn. Ved hjelp av ein nøytral bakgrunn ser du lettare den faktiske fargen.  

  3. Ver merksam på lyset rundt deg, som regel vil naturleg lys vere det beste.  

  4. Sjølv likar eg å smake saman med andre, og gjerne blindt. I hovudsak er det noko spesielt det å dele ein viktig augneblink med andre som deler den same gleda og ein kan få gode samtalar med. Om nokon av dei inviterte har til vane å dynke seg med parfyme eller andre produkt som kan øydelegge inntrykket er det lov å seie ifrå. Det beste vil faktisk vere å dusje, og ikkje ha på seg noko etterpå. For mange kan dette verke spesielt, men ovanfor dei interesserte vitnar det om lite respekt å ikkje følgje spelereglane.  

  5. Sinnsstemninga har enormt mykje å seie. Vinen som du drakk langs Middelhavet i Spania, smakar gjerne ikkje det same i Noreg.   

  6. Ved smaking treng ein ikkje vere for komplisert kva angår val av vinglas, men hugs at det bør vere ei viss samkøyring mellom kvaliteten på vinen?? og glaset. På heimebane er eg lite avansert, men generelt vil eg seie at eit glas med større tulipan vil gjere mykje for mange vinar.  

Nytt deg av desse enkle køyrereglane og prøv gjerne noko nytt. Kunsten er å sjå, lukte, smake og konkludere.