Sauvignon blanc frå Loire

Sauvignon blanc frå Loire

Ikkje nok med at Loiredalen er vakker, finn ein i tillegg ei rekke gode vinar OG produsentar her. For den vininteresserte har området alt ein treng og meir til.  

Les deg gjerne opp på Loire, mine reiser og kjekke produsentar her. 

Eg skal ta føre meg kva som kjenneteiknar drua sauvignon blanc frå Loiredalen og fortelje deg om to dyktige og ulike produsentar.  

Heng med!  

I Frankrike er det spesielt to stader som produserer utgåver av drua sauvignon blanc, nemleg Loiredalen og Bordeaux. I Loiredalen lagar ein vin på 100% sauvignon blanc, medan den i Bordeaux gjerne vert blanda med drua semillon.  

Du har sikkert oppdaga variasjonen og potensialet til drua, då den blir planta og trivst rundt om i heile verda. Nett som meg sjølv, faktisk. Derav han den eit breitt spekter av stilar og smakar.  

I Loiredalen er drua mest planta innerst i dalen, nærare bestemt i Sancerre og Pouilly-Fumé. Hovudsakleg vil du finne aroma av urter, stikkelsbær, grøne eple og mineralitet.  

Det er to forskjellige produsentar frå Loiredalen eg vil introdusere. Denne gongen er det èin klassisk og èin produsent for den nyfikne.  

Domaine Bernard Reverdy er den klassiske produsenten som disponerer 12 hektar i kommunen Chaudoux. Heile 65% av jordsmonnet er kalkbasert, 32% er ei blanding mellom kalkstein og leire, og dei siste 3% er flintbasert. Resultatet blir ein vin med fruktig, floralsk og mineralsk stil.   

Som med ulike personlegheitstrekk kan også drua vise seg frå ei anna side om omgivnadane tilseier det. Ein av produsentane som har overraska og imponert meg er produsenten Sebastian Riffault.  

Riffault driv biodynamisk produksjon med sine 12 hektar. Vinen hans er ikkje akkurat det som kjenneteiknar sauvignon blanc, men kva gjer no det? Om ein er nyfiken og open for noko nytt er det duka for ei ekstremt flott oppleving.  

Heldigvis vart eg introdusert til produsenten på ein av favoritt-vinbarane mine i Bergen, Don Pippo, under vinfesten i 2014. Det er mogleg å lese meir om det her.   

No kan eg ikkje gjere noko anna enn å anbefale deg å prøve ut ein av desse, på kvar sin måte, strålande produsentane; Reverdy og Riffault.