Anniken England

Velkommen 2018!  

Anniken England
Velkommen 2018!  

Tenk at eit nytt år er her igjen, og at vi no skal skåle 2018 inn!  

På denne tida for eitt år sidan bestemte eg meg for å legge NHH på vent og la vinens verden vise veg. Ein master kan ein vel ta når som helst?  

Ivrig sat eg 1.januar med blokk, penn og alt for mange idear. Eg hoppa i det, fullførte kvart enkelt prosjekt, evaluerte kvart eit og vipps var 2017 nesten omme. Alle prosjekta mine er ikkje ferdigstilte heilt enno, men dei kan heldigvis leve vidare eller komme til live i 2018.  

Grunnlaget frå 2017 gir meg moglegheit til å ta Druefin til nye høgder, ta fatt på nye prosjekt og fullføre dei som framleis ikkje er offisielle (heilt enno). Du som er vinglad og vil ha fleire tilbod på ulike frontar har mykje å glede deg til, og du må aldri nøle med å sende meg ein mail om du har noko på hjarta. Eg vil gjerne høyre frå deg, kva du tykkjer er interessant og kva du vil ha meir av.  

Men i dag skal ein ikkje jobbe, snarare dekke bord, sette vin på kjøl og lage rågod mat! Pass på å ha gode personar rundt deg, og tenk heller kvalitet framfor kvantitet. 

Det slår ikkje feil, nyttårsfeiringa blir år etter år ”hypa” opp som tidenes fest og markering. Stort sett har alle mine feiringar vore veldig kjekke, og ja, det har blitt feira skikkeleg, men det er ei rekke andre anledningar eg hugsar langt betre enn det å ønske det nye året velkommen.  

Likevel er det noko flott med nyttårsfesten. Den markerer overgangen til det nye året, som stiller med blanke ark og nye moglegheiter. I dag tenker eg på kva 2018 skal bringe - som mange andre har eg destinasjonar eg vil besøke, idear eg vil utvikle og smakar eg vil prøve.  

Korleis skal du feire 2018?  

For min del blir det i godt selskap, med god mat og sjølvsagt med bobler i glaset. I dag er det lov å slå på stortromma og finne seg noko ekstra godt, GITT AT DU NYT DET!  

Å kaste perler for svin har vi ingenting til overs for.  

Kva enn du måtte gjere, nyt dagen, kvelden og feiringa. 

Godt nytt år til deg og dine, la 2018 bli akkurat som du ynskjer!