Ymse, Vin, Reise, MatAnniken England

Kva skjer i 2018??  

Ymse, Vin, Reise, MatAnniken England
Kva skjer i 2018??  

Det er få ting som er så forfriskande som ein ny start, eller vertfall tanken på det.

Igjen er det nok mange som skal begynne eit nytt og betre liv med eit sunt kosthold, ørten timar på treningssenteret for å få den sprettrumpa naboen har eller kanskje lese litt meir.  

Feilen mange gjer (trur eg) er å sette lista for høgt. Det er ikkje måte på kor mykje vi skal gjere og kor himla godt vi i år skal få det til. Berre ved å skrive desse orda kjenner eg at hjarta pumpar hardare, blodet strøymer raskare og sveitten kjem så smått piplande ned i andletet.  

Mi løysing er å roe heilt ned, og ta eitt steg om gongen.  

Om du er interessert i å få meir vin, mat, reise og generell inspirasjon frå meg det neste året kan eg fortelje at Druefin skal bli meir aktiv, både på papiret og på video. Vi lev trass alt i 2018 og kan nytte oss av gode verktøy.  

Eg er heldig som får ta del i alle nyheitssmakingane til Vinmonopolet i Oslo i 2018, og det betyr at du vil få mine beste tips servert her på Druefin. Vipps så kan du ta del i nyheitssmakingane og orientere deg blant dei nye godbitane.  

I tillegg kan eg fortelje at:  

  1. Den nye skribenten for magasinet Horeca blir meg i 2018. 

  2. Nye nettkurs i vin kjem i løpet av våren 2018.  

  3. Ei rekke vinarrangement skal bli arrangerte i løpet av året.  

  4. Det vert sett opp vinturar du kan melde deg på.  

  5. Du kan kjøpe rågode matvarer frå Frankrike, Italia, Spania og Portugal gjennom Tre Løk og en Franskamann.  

  6. Mykje meir som eg vil annonsera litt om litt.  

Alt handlar om meir vin, mat, reise og minneverdige opplevingar, både for små og større stunder – her er det berre å glede seg!  

Me har sjølv ansvaret for å skape dei gode stundene i ein travel kvardag. Omringa av stress og rutinar er det desto viktigare å snike seg unna med eitt godt glas vin og ein liten matbit, for det er faktisk ikkje meir som skal til.