Anniken England

Lyst på vinferie?

Anniken England
  Lyst på vinferie?

Mine beste tips! 

Google er fantastisk når det kjem til undersøking av nye destinasjonar eller tips til kva ein kan gjere på reise. Stadig dukkar det opp nye reiseglade som deler sine erfaringar, bileter og gir oss andre lysten på å reise.  

Sjølv om eg ikkje har vore på noko direkte ferie i løpet av det siste året, har det likevel blitt nokre flotte reiser med vin, mat og kunnskap i fokus. Eit avbrekk frå dei faste rutinane i Bergen gir meg vertfall inspirasjon og påfyll til å ta fatt på andre arbeidsoppgåver når eg er tilbake.  

Eg skal ikkje ta føre meg alle mine reiser, men kort dele nokre av dei for å kanskje gi deg ein smakebit på ein ny destinasjon, eller tips til ein lengre ferie eller eit kortare avbrekk i kvardagen.  

pexels-photo-697245.jpeg

USA:

California: PÅ REISEFOT OVER DAMMEN

USA er landet som blir stadig betre på vin og bidreg til å gi oss eit større utval å velje i på Vinmonopolet. Stadig fleire av oss finn vinane derifrå interessante, og eit besøk vil utvilsamt auke engasjementet ditt.  

Denne gongen var det California eg besøkte, ein stat som fyrst og fremst er kjent for Hollywood, LA og kjendisar, men no også vin og mat. Det er ein fryd å reise rundt, spesielt når ein kan variere underhaldninga med alt frå sightsing til vinsmaking.   

 

pexels-photo-461326.jpeg

Spania

Barcelona: REISEBREV: PÅ KANTEN I BARCELONA

Madrid: REISEBREV: EIN PAUSE I MADRID

San Sebastian: GASTRONOMISK REISE TIL SAN SEBASTIÁN

 

Spania er landet eg har besøkt tett og ofte i oppveksten, og som dei siste åra har igjen vekka nyfikna mi. Sanninga er at Spania har langt meir å by på enn solkysten, norske pensjonistar og engelske ungdommar.  

I nord finn ein blant anna San Sebastian og Bilbao som er to mekka innan gastronomi og kunst, medan ein i Barcelona finn ein strand, cava og fjellområde rundt, mens Madrid har sjel og nesten alt ein kan tenke seg.  

Det er inga tvil om at eg kjem til å besøke Spania langt oftare i tida framover, men gjerne på nye stader og helst små landsbyar.  

 

pexels-photo-604444.jpeg

Frankrike: 

Nice: PÅ REISEFOT: NICE

Champagne: BESØKE CHAMPAGNE: CHECK & 

 

Frankrike står sjølvsagt mitt hjarte nær då mat og vin har lange tradisjoner. Ikkje eitt år går forbi utan at eg besøker Frankrike, då eg gjerne vil sjå venner, vinprodusentar og høyre det franske språket surre rundt meg.  

Paris er byen ein gjerne besøker, men ikkje gløym dei mange landsbyane, fjella og det ekte livet i utkanten. Med flotte tog er det ikkje eit problem å komme seg rundt.  

I desse dagar undersøker eg nærmare Villers-Cotterêts før nokre dagar i Paris ventar.  

 

pexels-photo.jpg

Nederland:

Amsterdam: På sykkel i Amsterdam

 

Nederland og andre land skal ein heller ikkje gløyme sjølv om dei gjerne ikkje er assosierte med vindyrking. Øl, mat, kultur og god underholdning finn ein her. Då min amerikanske vertfsfamilie opprinneleg er nederlandske er det heller ikkje tilfeldig at eg er ekstra nyfiken på dette landet og deira kultur.  

Ein sykkeltur rundt i Amsterdam kan absolutt anbefalast.  

 

Kvar går dine turar til i 2018? Har du kanskje komme over ein ny destinasjon som fleire burde oppdage, del gjerne med oss