Peparkake

Peparkake

Å ete den åleine er kanskje kjedeleg, men kva om du kjøper ei god flaske portvin og litt stiltonost?

Då snakkar ein kos og hygge, det kan eg bekrefte!  

Av eigen erfaring er det nesten alltid peparkakene ein har flest att av etter jul. Likevel høyrer dei jula til, og er soleis obligatoriske å bake i løpet av førjulstida. Sjølv er eg ikkje ein spesielt stor tilhengjar, men med denne vrien kan peparkakene få eit nytt bruksområde, også i tida etter jul.  

Verken julekaker eller kjeks er noko eg higar etter. Det er for tørt. Kombinasjonen med peparkake, stiltonost og moden portvin, derimot, vekkjer nysgjerrigheita mi og gir peparkakene eit bruksområde som fell i smak også hjå meg. 

Roquefort, Gorgonzola og Stilton er nokre typar som går under kategorien blåmuggost, der alle er kjenneteikna av sterk lukt og kraftig smak. Er blåmuggost berre for dei tøffaste? Denne type ost er ikkje for alle, men om du byrjar snilt i ostens verden vil du sakte, men sikkert kunne nyte ein blåmuggost med tida. Alt handlar om å utsette munnen for nye smakar, utfordre ein sjølv og med tida vil ein utvikle smaksløkane. 

Hemmelegheita er å kombinere den kraftige osten med sterk og søt vin. Feittet og smaken er krevjande for munnen og ein vin med høg alkohol, sødme og frukt vil kunne kunne balansere og utfylle smaksopplevinga. 

Av nysgjerrigheit prøver eg gjerne kombinasjonar som ikkje er erketypiske, men som anten kan overraske positivt eller forklare kvifor ein ikkje nyttar den kombinasjonen. Ein av sistnemnde kategori var Calem Colheita 2000. Mot osten utfylte dei kvarandre, men til peparkakene var det ikkje like bra. 

Ein sikker vinnar til Stilton, derimot, er vintage port, og her kan ein finne mykje godt om lommeboka tillet det. Alternativt kan du kombinere ein portvin frå eit varmt år som difor har modna tidlegare. 

Stilton er ein engelsk blåmuggost som vert laga av pasteurisert kumjølk i East Midlands, England. Den vart fyrste gong produsert tidleg på 1700-talet. Totalt er det i dag seks meieri som har lisens for slik produksjon. 

Namnet er ei oppattkalling etter landsbyen Stilton i Cambrigdeshire, sjølv om osten truleg aldri har vorte laga der. Historia vil ha det til at det var nettopp her den fyrste Stilton-osten vart seld, på ein restaurant ved namnet Bell Inn.

Prosessen vert lagra i behaldarar med hol, altså ikkje pressa. Deretter vert den injisert med blåskimmelkulturen penicillium roqueforti ved hjelp av nåler. Fyrst etter tre månader kan den etast, og difor smaker blå Stilton best til jul. 

Nyt gjerne kveldane fram til jul med litt ost, peparkakee og portvin – ja, det kan du unne deg.