Anniken England

Pinnekjøt med ein vri

Anniken England
Pinnekjøt med ein vri

Kva med asiatisk innspel ? 

Tru det eller ei; ein kan faktisk bli lei av pinnekjøt, så kva gjer ein då?  

Eller om du har igjen restar kan du bruke denne oppskrifta, eg har prøvd og den er rågod! Vi kastar allereie meir enn nok av mat, bruk difor kreativiteten til å skape noko anna.

På Café Herman holdt eg eit mat- og vinkurs i november der fokuset var norsk tradisjonsmat med ein vri. Tanken min var å gi alle der ei førjulsstemning, men også gi dei innspel til kva andre rettar ein kan servere i jula, og ikkje minst, korleis kan ein bruke maten som er igjen. 

Med litt asiatisk innspel kan ein enkelt endre på heile retten og vipps, har du eit nytt måltid med andre smakar. 

 

 Foto: Ørjan Talle 

Foto: Ørjan Talle 

 

Pinnekjøt sweet and sour med

sylta kålhovud med appelsinsaus

Sjølv har eg falt for pinnekjøt sweet and sour med sylta kålhovud med appelsinsaus, ja du høyrde rett. Kort fortalt er denne retten like enkel som den tradisjonelle pinnekjøtretten, kanskje enklare, til og med.  

Du byrjar det heile med å vatne pinnekjøtet ein dag i førevegen, skift vatnet med jamne mellomrom. Totalt skal pinnekjøtet ha vore 30 timar i vatn. Til denne oppskrifta vil ein gjerne redusere saltsmaken, så skift difor vatnet oftare enn vanleg.  

Finn ein kasserolle av passe storleik, legg pinnar i botn og dekk desse akkurat med vatn. Deretter legg du pinnekjøtet lagvis over. La det heile dampe til kjøtet løyser seg frå beinet. Om naudsynt etterfyller du med vatn i botn, du vil ikkje stå i situasjonen der du tørrkokar det heile.  

Medan pinnekjøtet putlar på nokre timar (2-3 timar) kan du tilbereie tilbehøyret som skal bestå av kinakål og appelsinsaus.  

For å treffe innertiaren syltar du kinakålen i sukker og salt, og reduserer appelsinjuicen.  Det vil sei at du delar opp kinakålen i passe store bitar og kokar opp varn med ok+ megde med sukker og litt salt. Før du heller laken over kinakålen, pass på at den er kjøleg. La kinakålen ligge i laken til du har oppnådd ønska smak, vanlegvis i ein time.

Den reduserte sausen får du til ved å småkoke appelsinjuice av god kvalitete til den har oppnådd passe tjukkelse, du ynskjer å oppnå ein konsentrert smak.

Når pinnekjøtet er ferdig dampa legg du ønska mengde på eit steikebrett, penslar godt med sweet and chilisauce (du kan lage den sjølv eller kjøpe den ferdig på butikken), og set det inn i ein førevarma omn. I omnen vil du skjerpe kjøtet og få ein fin glasert look på det.   

(her kan det også hende at du faktisk har igjen pinnkjøt frå ein tidlegare middag som du berre penslar med sweet and chilisauce og setter inn i omnen).

Dander kjøt og kinakål på ein tallerken, og topp verket med å helle litt appelsinsaus over.