Anniken England

Korleis bruke restane etter jul?

Anniken England
Korleis bruke restane etter jul?

Steambuns med julerestane

Tru det eller ei, men restane kan vere fult så gode som sjølve julemiddagen. Om du er som meg, er det digg å gå t/r kjøleskapet for å finne seg ein bit med pinnekjøt eller ribbe. 

Det er også fult mogleg å bruke restane til eit nytt og anleis måltid, for ein kan vere ærleg, ein blir lei den same maten i juleferien. 

 

Steambuns med julerestane

Oppskrift: 

1 oppskrift steambuns 

½ stk   raudkål

2 stk    gulrot

1 stk    raudt eple

1 stk    agurk

1 pot   koriander

1 oppskrift shiracha majones 

1 stk    lime

 

Framgangsmåte: 

Bruk restane av kjøtt, enten ribbe eller pinnekjøt (pinnekjøtt er veldig godt om du ”griller” det litt i ovnen)

Høvle raudkål, gulrot og eple tynt. Bland saman og smak til med litt lime saft

Agurk kuttast i stavar, koriander plukker du.

Server julerestar med salat, agurk, koriander, steambuns og spicy majones.

 

Kanskje dette er dagen for å bruke opp restane frå ei flaske eller to som du har ståande?