Dagen før dagen 

Dagen før dagen 

Kva MÅ ein gjere? 

Vanlegvis har eg eit fly, eit tog, ein båt eller ein eller annan form for framkomstmiddel eg skal nå etter jobb. Når eg har nådd destinasjonen er det vanlegvis rakfisk, øl og akevitt i vente. Og ja, eg har alltid med ei flaske vin som alle kan ha glede av. 

Men, kva anna MÅ ein gjere denne dagen? 

Sanninga er at du ikkje treng å gjere noko, du kan faktisk berre senke skuldrane og nyte selskapet til dei rundt deg, for jul blir det uansett.  

Det eg likevel vil anbefale deg å gjere, er å passe på at pinnekjøtet er lagt i vatn, eller, om du skal ha ribbe, at den har fått salt og pepar på seg. Og, kanskje passe på at alle varene er i hus, så slepp du ut i morgon.  

Elles er det berre å slenge beina i sofaen og få med deg den årlege sendinga av Grevinnen og Hovmesteren. Så skal eg ete rakfisk, masse rakfisk.    

kva drikk ein til rakfisk?  

pexels-photo-85528.jpeg

Rakfisk er ikkje eit måltid som passar alle, då det kan vere illeluktande og ha ein stram smak. Dette kjem sjølvsagt an på lagringa og kven som står bak produksjonen, for som med alt anna er variasjonen stor.  

For min del er rakfisk noko av det beste eg et til jul. Du kan gjerne variere tilbehøyret eller halde deg til klassiske reine smakar slik at kvar enkelt råvare får synge reint på si strofe.  

Til rakfisk kan ein drikke ulike saker som alt fungerer ypparleg på sitt vis, til dømes øl eller rakfiskakevitt (eller ein anna du har i hus). Rakfiskakevitten fungerer faktisk langt betre enn mange andre akevittar då den er snillare på smak og har meir sødme i seg. 

Om du går i retninga av bobler eller kvitvin bør du finne noko med god friskheit, gjerne god syre og masse frukt. Vinen kan vere halvtørr då ein vil ha litt sødme for å balansere med fisken.  

Vil du ha noko spanande? 

pexels-photo-730804.jpeg

Då er det sake som er tingen! Her har vi ei rekke forskjellige å velje mellom i Noreg. Dei fleste er på bestilling, men det er inga unnskyldning om du vil ha noko rågodt og spanande!  

pexels-photo-372959.jpeg