FOR KVEN LIKAR VEL IKKJE Å STÅ OPP TIL NYBAKT BRØD? 

FOR KVEN LIKAR VEL IKKJE Å STÅ OPP TIL NYBAKT BRØD? 

Julebrød

Lukta av nysteikt brød om morgonen er aldri feil. 

Kokken og Konditoren har funne ei oppskrift der du kan lage brødet kvelden før, legge det i forma og la det heve over natta.   

For ekstra julestemning anbefaler dei å tilsette litt julekrydder.  I tillegg har dei tilsett chiafrø og havrekli for å gjere det enda saftigare.  

Oppskrifta er enkel, gir eit saftig brød og, best av alt, den gode lukta på morgonkvisten.

Ingrediensar: 

  • 400 g    kveitemjøl  

  • 200 g    sammalen kveite finmalt 

  • 2 ss          havrekli 

  • 1 ss          chiafrø 

  • ½ ts        malt anis 

  • ½ ts        karve 

  • ¼ ts        pepar 

  • ¼ ts        kanel 

  • 1 ts          salt 

  • 1 ts         tørrgjær 

  • 5 dl         vatn 

 

Framgangsmåte:

Ha alt unntatt vatnet i ein bolle. Rør saman, spe så  inn vatnet medan du rører. 

Bruk gjerne k-grind på kjøkkenmaskina. 

Ha deigen i ei brødform med bakepapir, dekk med plastfolie og hev over natta. 

Brødet kan steikast i frå  kald omn, så når du skal steike det, sett det i omnen, skru temperaturen til 220 grader og steik i 35-40 minutt. 

Resten av huset kan no stå opp til lukta av nybakt brød, og saman kan de alle nyte ein god start på dagen. 

pexels-photo-460257.jpeg

Anbefalt drikke:

  1. Kakao - gjerne med krem.
  2. Heime pressa appelsinjuice. 
  3. Ein god kopp kaffe, gjerne Christian sin favoritt.