Drink: Klassisk Gin Gimlet 

Drink: Klassisk Gin Gimlet 

Det lille ekstra ein kan servere

Om du er som meg er det høgst nødvendig med sterkare saker etter julemiddagen. Ikkje fordi at ein gjerne vil kjenne på alkoholen, men heller fordi maten er såpass salt, feit og hard at ein treng noko til å fordøye måltidet. 

Du har sikkert dine favorittar, min er faktisk Gin Tonic, men av og til treng ein variasjon.

black-and-white-alcohol-bar-drinks.jpg

Klassisk Gin Gimlet 

Ein klassisk drink, gjerne som du tilpassar etter din gane og som inneheld gin er ein innertiar hjå meg. Denne er frisk, leskande og kanskje farleg god? 

Ingrediensar: 

  • 2 delar gin (gjerne Tanqueray) 
  • 3/4 delar frisk lime
  • 3/4 delar sukkarlake 

Kok opp vatn og ha i nok sukker, du kjenner om vatnet er søtt nok. Medan sukkerlaken kjøler seg ned pressar du lime. 

Bland så det heile saman og ha i gin. No er det viktig at di smakar og får den balansen du føretrekker. 

Legg blandinga inn i frysen og ta den ut like før servering. Du sitter igjen med ein Klassisk Gin Gimlet som er frisk, sluch med fin styrke frå gien.