Anniken England

DESSERT DER NØTTENE KAN KOMME TIL NYTTE!

Anniken England
DESSERT DER NØTTENE KAN KOMME TIL NYTTE!

Parlin mousse

 

Det er obligatorisk med nøtteskål, karmaliserte nøtter og andre nøtter i jula. Treng ein alle nøttene? Eller et ein alle nøttene opp?

Så om du er lei karamellpudding eller nokon av dei andre dessertane og du gjerne vil ha ein ny dessert, kan denne vere spennande. Eg har aldri opplevd at skåla har blitt tom, difor kjem Linn sin dessert til nytte. 

Og ja, sjølvsagt er det kjekt å ha enda ein grunn til å lage ein dessert.  

 

Oppskrift frå konditoren Linn

P1060892.JPG

Pralin paste

Ingrediensar: 

  • 200 g nøtter uten skall
  • 100 g sukker
  • 1 dl     vatn

Framgangsmåte: 

Ha nøtter, sukker og vatn i ei vid gryte og kok medan du rører heile tida.

Når det krystalisere seg så forsetter du å røre til du får ein fin karamellisert farge. Avkjøl på brett med stekepapir.

Når det er kaldt har du det i ein liten blender og mikser til konsistensen blir som  ”smør”.

 

Pralinmousse

Ingrediensar: 

  • 100 g   pralin paste
  • 115 g    italiensk marengs (sjå på sitronterte oppskrift)
  • 1 ss      sitronsaft
  • 200 g  fløyte
  • 2 ss     fløyte
  • 3 pl     gelantin

Framgangsmåte: 

Pisk 200 gr. fløyte, men ikkje til den er heilt fast. Bland inn pralin paste med ein slikkepott, så vender du inn sitronsaft og italiensk margens.

Kok opp 2 ss fløyte der du blautlegger gelantin, dette vender du inn til slutt.

Støp moussen i skåler eller i ei stor form som du serverer porsjoner frå. Topp moussen med karamelisert popcorn og fløtekaramell - det er skikkeleg godt. 

 

Anbefalt vin: 

  1. Gaia Vin Santo 2006 (ordrenr. 620302) 299,90 kr. 
  2. Nederburg Noble Late Harvest 2016 (ordrenr. 2043802) 119,90 kr.