Sognamost, soon 1184, er med i Julekalenderen

Sognamost, soon 1184, er med i Julekalenderen

Det varmar langt inn i hjarterota å kunne tilby Sognamost frå Sogn 

Ikkje berre er det stas å snakke om produkt som er frå Sogn, men det at det er nokon som jobbar engasjert med å finne dei beste alkoholfrie drikkene basert på dei mange fruktene og bæra gjer meg også skikkeleg stolt.  

I dag er det Sognamost frå Stig Johnny Bruvik vi skal ta føre oss. Han held til på Slinde i Sogn og har garden sin flott lokalisert mellom fjord og fjell. Området der dei fruktbare plantene held til er nemleg der det kjende vikingslaget på Fimreite mellom Magnus Erlingson og kong Sverre fann stad i juni 1184.  

Akkurat kva som er årsaken til det rike jordmonnet og gode grødet er uvisst, men ein ting er sikkert; her har det har blitt dyrka bær, frukt og halde husdyr i meir enn 100 år. Kanskje jordmonnet også har komme seg etter så mykje naturleg næring har blitt tilført?  

Les meir om Sognamost her og sjå videoen til Stig Johnny Buvik. 

 

Så, kva passar til pinnekjøt og kva passar til ribbe?     

Drikke til Ribbe:   

Blant oss nordmenn er det ribba som er mest populær.  Smaksmessig  er den både feit og stor, men  sjølve ribba  er  ikkje så utfordrande som tilbehøyret  når det kjem til val av drikke.  Dette  gjeld  også for  alkoholfrie alternativ.   

Her skal du drikke 100% eplemost frå Sogn, 1184. Den er frisk i smaken med delikate eple,  og med ein flott balanse mellom syre og  sødme.   

  

Drikke til Pinnekjøt:   

På Vestlandet er det pinnekjøtet som er favoritten, enn så lenge i alle fall. Pinnekjøtet er, som du kjenner, salt og tørka, noko som gjer at  sødme  ikkje er like viktig som for ribba. Her søker ein heller etter friskheit  for å handtere feittet, så raude bær gjer susen.   

Finn difor ein most med kombinasjon av eple  og anten  blåbær, bringebær eller kirsebær.  Dei raude eller blå bæra  gir den siste finishen  du treng. 

Uansett om du tyr til ribbe eller pinnekjøt er det altså gode alkoholfrie alternativ å finne der ute. Kanskje har du også ein produsent nær deg?