Anniken England

Nyt du alkohol framfor borna dine?

Anniken England
Nyt du alkohol framfor borna dine?

Eller kuttar du det heilt ut?

I barndommen fekk eg eit normalt forhold til alkohol, aldri var nokon overstadig rusa (som eg la merke til i alle fall).  

Fyrste møtet med gladrusen (og litt ekstra) var då vi kom over søstera mi på ei nyttårsfeiring på ein av dei lokale festhusa i Sogn. For å vere ærleg, var det slett ikkje noko dårleg syn då dama var strålande happy og veldig kjærleg med oss, men det betydde også at ho vart med oss heim og sov seg inn i det nye året.  

pexels-photo-272121.jpeg

Det var fyrst etter eit opphald i USA at eg forstod at alkohol var problematisk for mange foreldre, og på skulen måtte vi faktisk skrive under på eit dokument som sa at vi var i ein trygg heim. Om ein godtok denne måten å signalisere kven som skreiv under eller ikkje  hamna ein i "rett" bunke. ”Ein trygg heim” betydde i denne samanheng at du ikkje hadde dop eller alkohol i hus. Ettersom min vertsfamilie var nederlandsk, og då som europearar flest, hadde vi sjølvsagt alkohol i hus og følte ikkje behovet for å skrive under eit dokument for å stadfeste at ein var ein trygg heim.   

Bruken av alkohol er ulik blant folk, nokon vil alltid drikke mykje, medan andre er nøgde med nokre få glas. Blant dei som drikk mykje er det mange born som opplev uheldige situasjonar skapte gjennom misbruk av alkohol og rus.  

Mi løysing er enkel, DRIKK MINDRE, MEN BETRE!  

rose-roses-flowers-red-54320.jpeg

Då kan du drikke framfor borna og kanskje soleis også vise dei at alkohol kan vere noko ein kan kose seg med under normale omstende, utan at det treng å bli full baluba og tenna i tapetet. Følg heller franskmennene sin livsstil; ta eitt glas om dagen i staden for to flasker når ein fyrst er i gong.  

I jula er huset fylt av familiemedlemmar ein er glad i og som ein gjerne vil ha det fint saman med. Det byrjar som regel idyllisk, der ein gjerne vil gjere alt mogleg saman.  

Men, etterkvart vert ein fort gåande litt oppå kvarandre, og familiejuleferie er soleis ikkje alltid like rosenraudt. Det kan verte slitsamt og mange kan fort bli irriterte. Attpåtil skal ein møte gamle kjenningar, enno fleire familiemedlemmar og følgje opp plikter ein vanlegvis ikkje har til vanleg. Kanskje er det berre meg, men det blir ofte litt for mykje av det gode.  

Å trekke seg litt tilbake er heilt innafor, gjerne for å nyte eit glas vin, og då sjølvsagt eit godt glas vin. For å komme seg velberga gjennom jula ved hjelp av ein ekstra godbit, sjå mine beste vintips i linken under.  

Det er ei rekke anbefalingar til vinar du gjerne vil drikke etter at huset er rydda, svigermor har gått eller til å feire det nye året (og gjerne nokre til ein ok penge i tillegg).  

pexels-photo-332047.jpeg