Julekalender 

Julekalender 

Eg går kvar einaste desember like positivt i møte med alle ”koselege” ting eg skal gjere.  

Til dømes baking av konfekt, lage julekort, lage ei rekke julepålegg og anna kos ein skal sette av tid til.  

Prioritering er nok nøkkelordet her.  

Men, på grunn av arbeidet med Julekalenderen 2017 har eg i år ikkje laga gode julepålegg og andre tradisjonelle julerettar, men det har derimot Kokken og Konditoren! Og ikkje nok med det, saman har vi laga ei rekke videoar der dei har forklart korleis ein går fram, nokre lure triks du kanskje ikkje var klar over og nye vriar.  

Sjølv om eg ikkje har laga dei ulike rettane, har eg fått smakt, nytt og sett vin til dei. For å vere heilt ærleg, det har vore prima!  

Alt frå oppskrifter på paté, eltefritt julebrød og drinkar med akevitt, til dei lure grepa for å handtere den tradisjonelle julematen, til korleis ein nyttar seg av restane etter julematen, til kva ein drikk til det heile har blitt formidla gjennom Julekalenderen 2017.  

Kalenderen har vore ei fryd og lage, den har engasjert dei som har vore meg, og vi har fått delt ut ei rekke strålande premiar.  

Under finn du nokre smakebitar av Julekalenderen, og kanskje er du ein av dei heldige vinnarane til neste år?  

Ha ein fortsatt strålande onsdag, og ja, det er berre fire dagar att til sjølvaste julaftan. Det går unna!  

Ein smakebit frå kalenderen: 

 

Petters julefavoritt: 

 

Juledrinken frå Magda:

 

Portvinen Tom Mathinsen vil ha i hus:

 

Tips til søtsaker frå Don Pippo