Anniken England

Tre løk og en franskmann

Anniken England
Tre løk og en franskmann

Tre løk og en franskmann

Fleire franske matvarer til Noreg

 

Du kjenner sikker til det; god vin, godt selskap og ja, sjølvsagt, god mat. Det er då du får den gode samtalen og gjennom den får du idear, kreativitet og drøymar du ikkje visste du hadde.  

Ein mørk kveld i mars åt vi andeconfit som Yves hadde med seg i bagasjen frå Frankrike. Den kom i ein kjip hermitikkboks, men WOW, innhaldet var himmelsk. Og enda betre, det var så lett å tilberede. Med andreconfit til middag kan ein ikkje berre imponere seg sjølv, men også dei rundt seg – perfekt spør du meg!  

Andeconfit og andre franske godsaker gjer meg varm innvendig. Det er råvarer som står meg nær og som stadig imponerer!, gong etter gong. Akkurat kva som rører sjela kan eg ikkje sette fingeren på, men tanken på dei mange måltida i Frankrike med ei rekke rettar, vinar og den intensive samtalen, ja, ein kan nesten bli forelska.  

Så kva gjorde vi?  

Sjekka tilbodet for andeconfit på marknaden, kva som var der ute og sjølvsagt prisen. Matbutikkane kunne tilby 4/5 andelår til prisen av 579 kr, men elles var det lite å oppdrive. I det vi var i gang med vinen,  kunne vi lett Google oss fram til mange produsentar som både var opptekne av leveforholda til anda, og som likevel kunne tilby ein langt betre pris enn det matbutikkane kunne.  

Kunne vi finne noko som var betre enn det som allereie var på den norske marknaden? Svaret var ja.  

Me måtte gå mange rundar, men no kan vi endeleg meddele at anda kjem til Noreg i slutten av denne veka. Bedrifta Tre løk og en franskmann byrjar med import av mat, i fyrste runde med andreconfit.  

Firarbanden bak firmaet har den ypparleg samansetninga av ein gastronom, ein franskmann, ein sommelier og eit særs kreativt sinn som aldri går tom for idear. I tillegg har tre av oss bakgrunn frå NHH, medan den siste snakkar flytande italiensk, berre for å gi litt kjøt på beinet.  

Du vil få mykje godt frå Tre løk og en franskmann i tida framover, så følg med. 

Ettersom det er like før jul og det er mange som ynskjer ei rekke gode måltid framover, kjem andeconfiten akkurat i tide. Om du er interessert er det mogleg å få kjøt andeconfit både i Bergen og i Oslo direkte, og elles sender vi ut andeconfit til resten av Noreg per post.   

Vi har alt byrja salet, for alle 130 boksane med andeconfit er her i Noreg for å glede alle dei som ynskjer eit eller fleire gode måltid. Har du ein venn, kjæraste, mor, far eller deg sjølv som du vil imponere, vil vi verkeleg anbefale andeconfit. Send oss gjerne ein mail om du vil bestille, anniken@druefin.no.  

På laurdag kjem vi med fyrste videoen og ei rekke oppskrifter på korleis du kan naile middagen.  

 

P.S. Du kan like så godt ete and på nyttårsaftan i staden for kalkun, tru det eller ei