(Vin)kalendaren 2017!

(Vin)kalendaren 2017!

Unn deg noko ekstra,

Julekalender 2017

Den grusomme alarmen gjekk brått av. Berre nasetippen kunne kjenne den kalde brutaliteten som snart skulle verte ein realitet. Under dyna var det akkurat passe temperatur. Heilt perfekt, faktisk!  

Det knirka i golvet og rista i veggane, ute blåste og regna det. Faens vinter, kan det ikkje berre bli litt sol og eit stabilt kvitt landskap?  

Heldig var eg som kunne la den kalde tida varmast med frukost og eit tent lys, samt ei ny luke å opne fram til julafta.  

Leid eg noko naud? Absolutt ikkje.  

I eit gamalt, historisk og fantastisk hus hadde eg ein etasje for meg sjølv, og mamma ein, og som dei fleste rundt meg hadde eg meir enn nok av saker.  

pexels-photo-274778.jpeg

Likevel var det ekte hygge å vakne til ei ny luke der ein blyant, viskelær, godis eller eit dikt venta.   

Eg har ikkje same behovet for ein julekalender i dag, KORREKSJON, eg kunne gjerne ha tenkt meg ein julekalendar, men med eit anna innhald.  

I det eg kartlegg innhaldet på Druefin for november og desember ser eg at det er så mykje kunnskap, tips og triks eg gjerne vil dele med deg, så kvifor ikkje samle alt og gi deg det beste innhaldet plassert på ein plass?  

Du har sikkert meir enn nok å tenke på, med alt som skal gjerast (anten om det er forventa eller at du faktisk MÅ gjere det) og alt om skal handlast inn. Forhåpentlegvis vil då mine tips vere med på å luke ut nokre av dine utfordringar fram til jul.  

Løysinga er ein ”julekalender for dei vaksne”.  

For har du lyst til å opne ei ny luke kvar dag, men utan å få huset fylt av ting og tang du ikkje treng?   

Noko som du kan glede deg over, som ikkje berre er spennande, men også nyttig?   

Eg ynskjer deg velkommen til  Vinkalenderen 2017! 

Gjennom 24 luker vil du få konkrete og nyttige tips, oppskrifter og handlelister, slik at du kan gjere årets julefeiring til noko heilt spesielt. 

I tillegg trekkjer eg ein heldig vinnar kvar dag, som får seg ei ekstra førjulsgåve i form av bøker, glas, gåvekort eller anna snadder. Det vil også vera moglegheit for å kjøpe julegåver til dei du er glad i, med berre eit  tastetrykk!  

Stress ned. 

pexels-photo-253208-2.jpeg

Unn deg sjølv, og gjerne også ein god ven, noko ekstra, og hiv deg med på  Vinkalenderen 2017!