Vinsmaking på Zander K 

Vinsmaking på Zander K 

Med ønologen Stefan Raddeck i spissen 

Det putra i grytene medan han rørte og smakte til. Akkurat som ein tryllekunstnar som svinga staven, strødde han ei klype salt, ein dash med vinagrette og andre godsaker oppi gryta. Om smaken traff smilte han og tok seg på den store magen.  

Disken var full av urter frå hagen, krydder og utvalde råvarer som skulle nyttast til middagen.  

Sjølv om han stort sett var åleine, reduserte det ikkje engasjementet og antall rettar. Sjølv desserten hadde han alltid sett av tid til å lage.  

Få personar har det same glimtet i auga som han hadde. Tilsvarande lidenskap kva angår å tilberede eit måltid er det sjeldan eg opplever.  

Eg var heldig som fekk tilbringe heile barndommen min med morfar, der vi hovudsakleg stod på kjøkkenet. Allereie frå barndommen av vekka han ei nyfikenheit i meg som la grunnlaget for det eg lev og andar for den dag idag.  

Det er ei sann glede å kunne minnast ein så stor mann med sin klokskap, humor, gjestfriheit og evne til å lage utsøkte måltid.  

 Foto: Ove Svendsen 

Foto: Ove Svendsen 

Når eg møter på menneske som lev og andar for sitt felt smiler eg. Ein treng ikkje alltid forstå logikken i lidenskapen deira, men det å høyre på kvifor dette er så spanande for dei er noko eg verkeleg elskar!  

Ein kar som verkeleg er lidenskapleg oppteken av sitt arbeid er ønologen Stefan Raddeck. Vi var så heldige å få besøk av han i Bergen og gleda av å arrangere ein vinkveld med han på Zander K.   

Medan Stefan Raddeck geleidar oss gjennom ein innhaldsrik kveld fekk vi smake på seks forskjellige vinar til tre små rettar.  

 Foto: Ove Svendsen 

Foto: Ove Svendsen 

 

Dette smakte vi på : 
 

*** 

Silvaner trocken og Riesling trocken til  

Kveit med jordskokk krem 

*** 

Riesling Heiligenbaum trocken og Riesling Pettenthal trocken  til  

Røykt torskerogn med rømme og rødløk  

*** 

Riesling Roter Hang trocken og Spätburgunder trocken  til  

Indrefilet av okse  

*** 

 

Det er inga tvil om at Stefan Raddeck gjorde inntrykk på forsamlinga og meg personleg. Ovanfor fekk vi prøve norske spesialitetar til hans vinar noko som var fantastisk bra ilag!  

 Foto: Ove Svendsen 

Foto: Ove Svendsen 

Ikkje nok med det, men vi hadde gleda av å besøke Bare Vestland for ein seks-rettar med heile serien av vinane hans som er tilgjenglege i Noreg - det kjem meir informasjon!  

Eg skal utdjupe korleis dette gjekk og gi deg nokre tips som du gjerne vil ta med deg inn i tida som venta oss no med norsk tradisjonsmat til selskapa.  

___________

Sjølv om min morfar ikkje lengre er fysisk med oss, lev han i tankane mine. Å vidareformidle hans lidenskap og møte personar som har den same glede for sitt felt er det mest unike som finst. 

P.S. Vinane til Raddeck passa ypparleg til norsk mat, det kjem meir informasjon. I tillegg kan du plukke opp meir tips på årets Vinkalendar 2017, les meir her!