Starta alt på Café Herman?

Starta alt på Café Herman?

Nesten alt starta akkurat her, og kven hadde vel på førehand trudd at inspirasjonen skulle vere å finne så nær heimen i Sogn?  

Av ulike grunnar pakka eg sekken ein sein sommardag og reiste til Mexico for eit lengre opphald. Over fem månader levde eg livet i sus og dus. Kvardagen bestod stort sett av litt spanskundervisning på dagen, før det bar vidare for å utforske den meksikanske kulturen, danse salsa, og ja, gjerne ta eit glas eller to ekstra.  

Vipps, så var det desember og min returbillett til Noreg venta. Om eg hadde brukt fornufta hadde eg aldri bestilt retur, men heller utforska Mellom- og Sør-Amerika.  

Tilbake i Noreg var eg eit helvete å ha i hus, berre spør mor mi.  

Det einaste eg ville var å reise – møte nye menneske, ete gatehjørnets spesialitetar, danse natta lang og gjerne smake ein ny drikk.  

 Foto: Gunnbjörg Gunnarsdóttir

Foto: Gunnbjörg Gunnarsdóttir

Difor var eg ikkje sein å be då ei venninne inviterte meg med på ein ny backpackertur tre månader seinare. For å fylle opp pengesekken igjen var det berre å henge i og få seg ein ny jobb.  

Heimstaden min er Leikanger i Sogn, verdas navle, men litt for roleg dersom du er av typen med lopper blodet.  

Til mi lukke var det ei ivrig gruppe frå Bergen som hadde kara seg inn fjorden og bestemt seg for å starte opp igjen den lokale cafe/restauranten, Café Herman.  

I ei bygd med vel 2.300 innbyggjarar kan ein kanskje stille seg spørsmålet kvifor ein opnar noko her?

Det som ein gjerne skal legge til er at Leikanger er den kommunen i landet med høgst utdanning per innbyggjar. Det legger grunnlaget for at desse menneska mest sannsynleg er interessert i kultur, mat, vin og generelt fleire alternativ etter arbeidstid.  

Idiotprosjekt vil mange seie, medan andre vil seie ”hurra – dette er akkurat det vi treng!”.  

 Foto: Gunnbjörg Gunnarsdóttir

Foto: Gunnbjörg Gunnarsdóttir

Mamma var ikkje sein med å annonsere at eg var tilbake og trengte jobb (eller ha noko å sysle med heile dagen lang).  

To arbeidssame sjeler skulle her introdusere meg til drift, gastronomi, kaffi og vin som eg aldri hadde kjent til før.  

Det tok ikkje lang tid før dette vekka interessa mi og her såg eg potensiale til å vekse. I byrjinga av februar var eg drilla til fingerspissane og stadig klar for å lære meir.  

Men, då var tida inne for å pakke sekken igjen og utforske Afrika og Asia over dei neste fire månadene.  

Etter den reisa var eg heime i fire dagar før eg flytta til Bergen for sommarsesongen, og så vidare for eit år i Stavanger, før eg deretter flytta til Bergen igjen, der eg har holdt til dei siste åra.  

Sjølv om det er ingen stad som er så vakker som Leikanger er det fortsatt for roleg å få til ein kvardag der for meg. 

Meeeen, å stille opp på Café Herman med eit vin- og matkurs gjer eg så absolutt med glede.  

 Foto: Gunnbjörg Gunnarsdóttir

Foto: Gunnbjörg Gunnarsdóttir

Dama med like rått etternamn som meg, Emilie Pellegrino, er ei god venninne og tidlegare kollega frå Tango Restaurante i Stavanger. Vi har begge halde på med fine-dining og vi diggar god mat og vin, og det gjer oss lite å snu om lokalet og huse 35 pers til ein seks-rettar.  

Fyrstkommande fredag står vi igjen over grytene for å mekke saman spenstige mat- og vinkombinasjonar, samt spre meir kunnskap og glede. Temaet for kveldens arrangement er norsk julemat med ein vri.  

Vi skal altså ta for oss gravlaks, rakfisk, pinnekjøt, ribbe og sjølvsagt nokre søtbitar med gode vinar til. Det er fortsatt nokre plassar igjen. 

 Foto: Gunnbjörg Gunnarsdóttir 

Foto: Gunnbjörg Gunnarsdóttir 

Lite visste eg då eg starta på Café Herman at eg skulle bli oppslukt i smaken på gode råvarer, vin og det å gi folk det vesle ekstra.  

Kom og bli med på kurse, kanskje du får dilla sjølv?