Anniken England

Potetkjelleren er med i Julekalenderen

Anniken England
Potetkjelleren er med i Julekalenderen

Potetkjelleren 

Kva drikker ein til ribba? 

Sjølv om vi er lokalisert på vestlandet, er det lov å ete ribbe. Julefavoritten i Noreg er ribbe, difor er det ekstra viktig at vi vestlendingar står opp for pinnekjøtet, men også vi har lov til å sette pris på ribba. 

Ribbe er faktisk rimeleg godt, her får ein den unike kombinasjonen mellom kjøtet, sprø svor og rett tilbehøret. Knasande godt! 

Ettersom desember startar i morgo er det naturleg å begynne å tenke på julemåltida som ventar oss. For ja, det er mange måltid i vente og vi skal ete den same julematen ei rekke gonger. 

Så det store spørsmålet - kva drikker ein til juleribba?  

I Bergen har vi mange gode restauranter å velje mellom. På desse restaurantane har vi ei rekke dyktige fagpersonar som vil geleide oss gjennom tradisjonell mat med optimal drikke til, ein av desse er Potetkjelleren.

Vi er heldige som har Glenn med til å fortelle kva ein skal drikke til juleribba. Sjå videoen under, er du einig? 

I tillegg har Potetkjelleren ein rimeleg solid og innhaldsrik julemeny til jul om du ikkje har fått det med deg. Test den ut!  

Meir informasjon om drikke til ribbe, pinnekjøt, lutefisk og ja, alle dei andre godbitane, vil du finne i Julekalenderen. Der kjem også videoen frå Potetkjelleren.

I morgo startar vi Julekalenderen, her får du alt av informasjon du treng til jul og flotte premiar. Meld deg på i dag så er du klar! 

Under Bergen Vinfest møtte eg Katharina Mowinckel på Potetkjelleren før ho skulle halde ei smaking av hennas vinar, les meir om saken her.