Anniken England

1877 er med i Julekalenderen

Anniken England
1877 er med i Julekalenderen

Restaurant 1877

Kva er det der? 

 

Med ei innhaldsrik korg med ei rekke norske råvarer var det ikkje rart at eg lurte. Christer frå Restaurant 1877 hadde planlagt ein klassisk rett frå menyen deira. Alle detaljane var nøye gjennomtenkt og smakane i retten kunne gjenspegle dette – for ein rett! 

Å ha matfatet rett utanfor restauranten gjer det mogleg å lage god og lokal mat. Menyen deira blir utarbeidt etter sesongen og i samspel med kva gullkorn dei små leverandørar langs vestnorsk kyst kjem med. 

Fokuset i restauranten er lokale produsentar enten om du går for ein 3- eller 5-rettarsmeny. Ein 5-rettar består av skaldyr, fisk, potet, kjøt og avsluttar med dessert. 

I 1877 opna den ærverdige Kjøtbasaren eller byens basar i Bergen. Då Restaurant 1877 opna 4.januar 2013 og det var det naturleg å nytte seg av denne markeringa i historia vår for val av namn. 

Her kan du nyte maten i historisk lokale som varierer mellom treverk, murstein, messingplater og smijerns lykter.

Christer har gleda av å vise ein av sine rettar i videoen under. Om du er nyfiken på Restaurant 1877 vil eg anbefale deg å teste ut restauranten og gjerne sjå heile videoen i Julekalenderen. 

I tillegg har vi gleda av å dele ut to gåve kort på ein 5-rettars meny på Restaurant 1877 i Julekalenderen.