Knutholmen er med i Julekalenderen

Knutholmen er med i Julekalenderen

Knutholmen 

perfekt tilberedt kveite!  

Kalvåg er staden for å oppleve kysten, få garantert fiskelykke og flotte turmoglegheiter. I sommar besøkte eg Kalvåg igjen, du kan lese meir om opphaldet mitt i Kalvåg, fisking, og få inspirasjon av Martin på steikt lyr. 

Tidlegare kollega på Tango Restaurant i Stavanger, Martin Fosse Sveian, har flytta til Kalvåg og bur der saman med kona, Martine Fosse Sveian. Begge har vore på juniorlandslaget og jobbar i dag på  Knutholmen. Knutholmen er restauranten på Kalvåg som du absolutt bør oppleve for eit GODT måltid og ei flaske vin. 

I 1987 begynte dei med det som er Knutholmen i dag, som Kafé og utleige av seks rom. Bestefaren og far til Martine dreiv butikk i bygning. Medan dei holdt på gjekk omsetninga opp som gjorde det mogleg for Svein Inge i å investere fleire leilegheiter og sjøboder - og det har han vidareutvikla saman med kone og fem barn. 

I dag er det tredje sonen i rekka som er medeigar og dagleg leiar saman med Svein Inge. Heile familien bidreg i bedrifta, der kona til Svein Inge ordnar med frukosten kvar dag. Den eldste dottera, Martine, er kjøkkensjef og med på laget har ho Martin, som er hennas høgre hand. 

Martine og Martin møtte kvarandre fyrste gong i 2013, men det tok Martine to år å forstå at Martin var ein ok trønder. I 2015 flytta dei til Kalvåg for å hjelpe familiebedrifta i eitt år, men vipps var tre år gått, Martine og Martin hadde bygd seg hus og 10.juni 2017 vart dei vigde i Frøya kyrkje. 

Saman er dei dynamitt, der Martine er sjefen og held orden på alt. Du kan vere sikker på at dei lagar god mat og at du får ei smaksoppleving du seint vil gløyme (eg minnast fortsatt mine to måltider der i sommar - fantastisk). 

Knutholmen disponerer ikkje mindre enn om lag. 220 sengeplassar i dag, det er alt frå store leilegheiter, til enkle sjøboder og hotellrom.  

Vi er heldige som har med inspirasjon frå Knutholmen der Martine filmar og Martin tilbereder maten. For ja, så enkelt kan det gjerast.

I videoen viser Martin korleis du tilbereder perfekt kveite, med erter, rogn/kaviar og smørsaus. 

Oppskrift og fleire detaljar delar vi i Julekalenderen 2017. 

Du kan lese meir om opphaldet mitt i Kalvåg, fisking, og få inspirasjon av Martin på steikt lyr.