Anniken England

Kaffemisjonen er med i Julekalenderen

Anniken England
Kaffemisjonen er med i Julekalenderen

Kaffemisjonen

Ein kaffe til julekaker og ein kaffe til ribbe. 

I min vennegjeng er det berre unike menneske, alle har eit område dei gjerne brenner for (litt meir enn vanleg) og best av alt, dei er veldig fine folk. 

Ein av desse er Christian. Han er kaffespesialisten blant oss og det som du trudde berre skulle dekke eit koffeinbehov, kan han krydre med langt meir kunnskap. Over gjennomsnittet kaffeinteressert skriver Christian til dagen bloggen Bryggehygge og jobbar på Kaffemisjonen i Bergen. 

Om du elskar kaffe, er litt nyfiken på kaffe eller ikkje drikker kaffe, kan Bryggehygge faktisk vekke interessa di. Innlegga varierer med kunnskap til den som vil nerde til kor du kan drikke kaffe i London, for ja, kven likar ikkje å besøke ein kafé (kor enn ein er i verda) og få seg ein god kopp kaffe? 

Christian er ikkje som dei vanlege kaffeinteresserte då han i tillegg kan vise til strålande resultate: 

  • 2014: 4. plass i NM i Brewer’s Cup
  • 2015, 2016 og 2017: Bergens beste barista i
  • 2016 og 2017: NM-finalist

I dag skal vi ta for oss kva for kaffe som passar til jul. Mange kjenner til Friele, der Frukostkaffeen er trufast i dei fleste heimar, men om du er interessert i smak og vil ha det lille ekstra skal vi komme med tre andre alternativ.

Som Christian seier er Friele Frukostkaffe slett inga dårleg alternativ, faktisk er resultatet svært bra med tanke på produksjonen og den jamne resultatet år etter år, men det er inga gastronomisk oppleving. 

Derimot har Kaffemisjonen fått inn tre andre kaffevariantar som vi gjerne kan bli betre kjend med, og i videoen under vil Christian fortelle sin favoritt blant desse. Christian kan røpe at det er inga kaffe som er spesielt laga til jula, men at det er nokre kaffeer som er betre egna til julematen enn andre:

Julekaffe.jpg

Merk deg desse tre: 

1. Jacu Julekaffe - er dyrka på 1600 m.o.h i Huila-distriktet i Colombia. Dette er ein søt og fyldig kaffe. Med tanke på tørre julekaker som gjerne byr på krydder, ekstra sukker eller litt nøtter, vil ein gjerne ikkje ha ein kaffe med for mykje bitterheit. For å redusere tørrheitskjensla i munnen, finner ein den beste kombinasjonen mellom kaffe og tørre julekaker med god frukt og fyldig sødme, så prøv denne kaffeen. 

2. Julekaffe frå Etiopia - på Adado-kooperativ, som består av 2.900 medlemmer, ligger i Yirgacheffe-regionane. Kaffeen er lys på farge, som gjerne kan minne om te, som er fruktig, leskande og gir mykje bær. Dette er ein lettare kaffe, som igjen vil passe til å nyte aleine eller drikke til julekaker. 

3. Christmas Coffee frå Nacimiento - dette er kaffe som er laga på Bourbon som kjem frå El Cielito Santa Bárbara i Honduras. Dette er ein fyldigare kaffe med meir smak prega av raude bær og er gjerne kaffeen du vil drikke etter eit kraftig måltid for å hjelpe til med fordøyelsen. Christian anbefalar denne kaffeen gjerne etter juleribba for å hjelpe til med fornøyelsen og gi deg gode smakar før meir mat ventar. 

Under kan du sjå videoen av Christian der han fortel meir om kaffe og kva for kaffe som er hans favoritt. Og best av alt, vi trekker sjølvsagt ut ein heldig vinnar av Chrstians julekaffe i Julekalenderen. 

Vi skal følgje meir med på innhaldet til Christian då han tek for seg ei rekke spanande vinklingar på kaffe, deriblant kor ein finner den beste kaffeen på bensinstasjonen. 

I Noreg er vi ikkje akkurat kjent for å ha god kaffe på bensinstasjonen, men gjerne ha tilnærma gratis kaffe for at ein skal stoppe for å fylle drivstoff og gjerne kjøpe ein godbit.

På reisefot i Europa har dei alltid god og skikkeleg kaffe som er ein fryd å stoppe for. Vi snakkar skikkeleg kaffemaskin, kverna bønner og steama melk (om du ynskjer kaffe som treng det). 

Store delar av dagen min er prega av ei rekke kaffepausar også når eg trenar. På sykkeltur med Bar Vélo (lik dei gjerne på Facebook eller Instagram) består det av ein sykkeltur i området rundt Bergen har vi starta med ein kaffe på Don Pippo og gjerne ein kopp langs vegen.

Det er utruleg kor mykje glede og prat ein kopp kaffe kan bidra med. 

 

 Inga tvil om at kaffe har fått ein solid plass saman med sykkelen. 

Inga tvil om at kaffe har fått ein solid plass saman med sykkelen.