Anniken England

Don Pippo er med i Julekalenderen

Anniken England
Don Pippo er med i Julekalenderen

Don Pippo

Lei norske julekaker? 

Då kan vinbaren Don Pippo friste med italiensk julekake og italiensk dessertvin, faktisk kan du få det kvar søndag fram til jul på Don Pippo. 

Vinbaren Don Pippo er lokalisert i Håkonsgate, nærmare bestemt Christies gate 11. Lokalet er intimt, luftigt med store vindu og mange særpreg med vinkorkar i taket, blant anna. Best av alt er sjølvsagt at dei har enkel og rågod mat, samt eit godt utval av vinar både på glas og på flaske. 

Don Pippo har ei rekke fine arrangement, som til dømes Livrett på onsdagane, hyppig besøk av kjekke produsentar og andre kreative tilbod. Prismessig er det ingenting å sei på, noko som gjer det mogleg å kose seg ute OFTE. 

Det er vel ikkje rart at dette er min og mange andre sin favoritt vinbar i Bergen. 

Under kan Ove og Jonas fortelle om kva for julekake du bør prøve og kva du skal drikke til. 

Best av alt, vi delar ut to gåvekort på Don Pippo laurdag 2.desember i Julekalendere.