Anniken England

Ujevnt Bar er med i Julekalenderen

Anniken England
Ujevnt Bar er med i Julekalenderen

Ujevnt Bar

Akevitt kan bli din nye favoritt! 

Ein skal ikkje undervurdere det å vere god på SITT fagområde. Det å ha sitt spesialfelt og verkeleg vere god, er skikkeleg raott (som vi seier i Sogn). 

I Bergen har vi mange godbitar, spesielt når det kjem til mat og drikke. Her finner ein gjerne sine favorittar for kvar ein ynskjer å drikke vin, øl, ete pasta, ete middag, drikke kaffe, eller der ein rett og slett får seg ein drink. 

Ujevnt Bar har alltid imponert med på smak, drinkane dei lagar er nøye gjennomtenkt og eg har ikkje kommet over noko eg ikkje har likt. Kenneth er eit kjent andlete på Ujevnt og jobbar stadig med å gi deg ei ny smaksoppleving i ein ny drink - her er han rågod! 

Vi er heldige som får dele drinken Kenneth gjerne ynskjer å drikke etter julemåltidet, nemeleg Aquavit Sour. Ikkje nok med det, men dette er drinken som gir akevitten bein å gå på, for når du fyrst har smakt den vil du gjerne lage den igjen. 

Og ja, vi delar sjølvsagt denne og andre gode drinkar i Julekalenderen 2017. 

 

Aquavit Sour

Bruk eit passande glas, gjerne eit du ser på bilete (Coupette). Kenneth har heldigvis ikkje gjort det for avansert for oss, teknikken er tørrshake på is. Det betyr at du tek alle ingrediensane i ein shaker og shaker hardt. 

Ingredienser:

  • 40 ml Aquavit (Gammel Opland)
  • 30 ml fersk Sitronjuice
  • 20 ml Sukkerlake 1 : 1 ratio
  • 1 dash Bitter Truth Celery Bitter (kan sløyfast)
  • 15-20 ml Eggehvite

Som pynt etter garnish kan du gjerne kverne litt pepar på skummet og gjerne ha to lengder med stangselleri. 

 Aquavit Sour done. 

Aquavit Sour done.