Anniken England

Bien i Bergen

Anniken England
Bien i Bergen

BIEN

ER MED i JULEKALENDEREN 2017. 

Er ein ekspert på eit område berre fordi ein kan vise til ein diplom? 

I 2012 tok Petter Lidal og eg sommelier utdanninga, også kalt vinkelnar utdanninga, på Kulinarisk Akademi i Oslo. Kvart år har KA sikkert spesielle kull som tek denne utdanninga, men eg må likevel understreke at vårt kull var ekstra bra, både fagleg og sosialt. I ettertid har mange av oss gjort det stort innan vinbransjen og mange held på med ei rekke spanande prosjekt. 

Petter er inga unntak. I Bergen driv han Bien Snackbar og Bien Restaurant på Danmarksplass, samt kom Bien Centro til i 2017. Besøk gjerne deira heimeside for å bli betre kjent HER. Om du ikkje har testa ut Bien, enten om det er Snackbaren, Restauranten eller Centro, kan det VERKELEG anbefalast. 

Under studie i Oslo plasserte eg Petter raskt som den underhaldande, artige og fine karen frå Bergen - uansett sett tid på døgnet. Det er difor veldig kjekt å meddele at Petter frå Bien tek del i Julekalenderen 2017. 

Å lære av dei rundt seg er heilt nødvendig for å bli betre og lukkast, ein diplom er diverre ikkje nok, men ein god begynnelse. 

Under ser du Petter i sitt S der han forteller om sin julefavoritt. I tillegg kan vi annonsere at Bien delar ut to gåvekort på julefavoritten til Petter 6.desember! 

Meld deg på Julekalenderen, kanskje du er den heldige vinnaren?