Det sovande champagnehuset… 

Det sovande champagnehuset… 

Ein smakebit av Charles Heidsieck  

Du står ovanfor 1559 flasker musserande vin å velje mellom på Vinmonopolet. Blant desse er 761 flasker frå det prestisjefylte området Champagne. Er vi ikkje heldige?  

Her kan ein velje,  vrake og leike seg med boblene. Blant alle desse flaskene tek nok majoriteten av kjøparane si avgjersle basert på etiketten snarare enn på kunnskapen om innhaldet.  

Sjølv om vi har mange produsentar å velje mellom betyr det ikkje nødvendigvis at valet blir enklare, snarare tvert imot.  Det handlar om å ikkje velje feil, ikkje velje noko kjedeleg og kanskje helst velje noko nytt.  

Ein fordel er at vi må smake mest mogleg for å betre kunne forstå kva vi likar og kva som finst der ute.  

Bruk gjerne denne regelen: smak oftare, mindre og betre.  

Etter ei kjekk smaking i Bergen på Olivia vil eg introdusere deg til champagneprodusenten Charles Heidsieck.  

7F503E41-3C99-4EE8-AD89-CE69EFDB2975.JPG

Som med alt anna her i livet er det planlegging, rette avgjersler og litt tilfeldigheitar som skal til for å lykkast. Vegen blir til medan ein går, men gå den ikkje i blinde. Ta bevisste val når du står ved eit vegskilje.  

Ein skulle gjerne tenke at champagnehusa generelt lever godt på område, men i det lange løp er dei aldri meir verdt enn sitt renommé. Det er inga sjølvfølgje at desse husa sel med glans, spesielt når vi i dag står ovanfor så mange andre gode alternativ, og nokre gonger treng vi å trekke dei fram frå støvete hyller.  

Grunnleggjaren av firmaet Charles Heidsieck har slett inga solskinnshistorie, men likevel ei historie som er verdt å nemne i korte trekk. Han er nok mest kjend under namnet Champagne Charlie, eit namn han vart tildelt då den amerikanske borgarkrigen braut ut i 1861.  

Champagne Charlie tok lure grep ved å gå målretta til verks og matche marknad og produkt. Han introduserte difor champagne til sosietetsmiljøet i New York. Då borgarkrigen braut ut vart halvparten av hans verdiar låste opp i ubetalte rekningar og hovudgrossisten hadde ikkje pengar til å betale for flaskene han hadde motteke.  

I desperasjon oppsøkte difor Charlie dei som hadde kjøpt champagne av grossisten i eit forsøk på å hente ut midlar. Midlane fekk han, på grunn av situasjonen, utbetalt i bomull, men grunna blokaden fekk han verken sendt eller solgt bomullen til Europa.  

Situasjonen i Europa var den at prisen for bomull var høg og han kunne faktisk hente ut forteneste ved ein handel, men blokaden tillot ikkje det. Det resulterte i eit mislykka smuglingsforsøk der skipet vart senka og alle verdiane forsvann.  

Ikkje nok med det, prøvde Charlie å komme seg tilbake til Frankrike via Cuba med diplomatpapir som ikkje vart godkjende av general Butler. Generalen sende han heller 7 månader i fengsel, til han vart lauslatt ein novemberdag i 1862.  

Han returnerte blakk til Frankrike, og kona hadde solgt unna eigendommen.  

I enden av tunnellen er det alltid lys, også i dette tilfellet. På våren i 1963 skulle det heile snu. Broren til grossisten som ikkje kunne betale for seg, var så skamfull over tragedien med den manglande betalinga, at han tilbydde eit oppgjer i landområde i ein liten by i Colorado ved namnet Denver.  

Byen Denver opplevde ein byggeboom i åra etter borgarkrigen og eigedomsprisane fauk opp i veret. Den økonomiske situasjonen til Charlie endra seg soleis drastisk over nokre få år. Eigedomssal i Denver resulterte i at Champagne Charles Heidsiek kom på bana igjen.  

pexels-photo-313715.jpeg

Tilbake til notida. Huset produserer ikkje mange flasker, sett i perspektiv med andre. Dei har vinmarker til å produsere berre ti prosent av flaskene, så resten av druene må dei kjøpe frå andre bønder. Det betyr at gode relasjonar må vedlikehaldast.  

Heile linja deira kan vise til kvalitet og spanande vinar med særpreg. 

Etiketten til Charles Heidsieck er stilrein og glir rett inn i notida. Den er slett ikkje for vågal eller klassisk, men blant dei mange kan den trygt sette seg i midten.  

Trenden i Noreg har vore knusktørr kvalitetsmessig musserande vinar, sjølv om ein no gjerne søker etter litt meir sødme, ikkje mykje, men litt.  

Charles Heidsieck leikar seg med flotte bobler, frukt og struktur. Dette er absolutt ein produsent du kan trygt legge på minne til feiringar, spesielle anledning eller for å feire kvardagen – då har du valt rett.  

 

 

VINANBEFALINGAR TIL DEG: 

99F2F4D4-3BC8-4382-A664-5DD80874721A.JPG

Champagne Charles Heidsieck Brut Réserve  

Deira standard-champagne har fått minimum 5 år på botnfallet, der 40 % er frå 5-15 år gamle reservevinar frå 60 forskjellige crus. På fargen er vinen lys med ei svært aromatisk nase med innslag av mykje frukt. Her finn ein gule og grøne eple, mango, mandel og tørka frukt. I munnen er den lang med flott syrlegheit og tydeleg mineralitet. Absolutt ein Champagne å drikke til kjekke anledningar.  

 

Champagne Charles Heidsieck Vintage Brut 2005  

Innhaustinga dette året byrja i juli og består av ei blend frå 11 ulike crus. Samanlikna med vinene ovanfor er den noko meir lukka, men meir elegant. Her er det flotte innslag av brioche, sjømineralitetar, hasselnøtt, gule eple og tørka frukt. I munnen har den god syre med flott sødme og fin lengde.  

 

Champagne Charles Heidsieck Rosé Réserve  

Rosa-/oransjefargen er lys med ein elegant nase. Floralsk nase med rose, modne jordbær og ei god friskheit. I munnen har den fin syre i avslutninga, flott integrert sødme, krydder og jordbær.  

 

Champagne Charles Heidsieck Vintage Rosé 2006  

Samanlikna med 2005 er druene noko modnare og har noko lågare syre. Nasen har rikare aroma som går i retning av honning, rose, hasselnøtter, fiken og brioche. Let du glaset stå kan aromaen gå i retning av sherry – magisk. I munnen har den flott syre og flotte aromatiske tonar med kvit pepar i avslutninga. 

 

Champagne Charles Heidsieck Vintage Rosé 1999  

Denne flaska med rosé har fått 12 år på botnfallet. Nydeleg farge, er det lov å kalle den lakserosa. Nasen er svært aromatisk og lite tyder på åra den har fåtter av markjordbær og kvit pepar. I munnen er den rik på aroma og avsluttar fint med kvit pepar, med flott syre.  

 

Champagne Charles Heidsieck Blanc des Millénaires 1995  

Sist, men ikkje minst fekk vi smake på denne ferske herlegheita som  det no er få flasker igjen av i Noreg. Den har fått 15 år på botnfall og består av ei blend av 4 Grand Cru og 1 Premier Cru. Svært aromatisk på nasen som byr på bringbær, fiken, biovoks, brioche og  nøtter. Vanskeleg å indikere alderen, den er frisk og verkar svært ungdommeleg. I munnen er den frisk, med god syre, fin sødme, lang og den er svært konsentrert.  

Les også omtalen i DN her. 

 

Totalt sett er dette vin som er som balsam for sjela, i ulik grad!