Rågod boble til 120 kr! 

Rågod boble til 120 kr! 

«Eg kjenner ingen som er så gniten som deg- ikkje ei krone skal du bruke sjølv kor flink du er til å jobbe.»

Søstera mi har alltid vore brutalt ærleg og ikkje spesielt sparsam. Ikkje misforstå; er det ei som har kontroll på livet og sparinga er det den dama, men samtidig er ho god på å halde økonomien i gong også. 

Sjølv om eg byrja å jobbe vel ung og var grusamt flink til å spare, er det ikkje noko som har følgt meg i vaksen alder. Kvardagen slår ein hardt med faste trekk, ørten tilbod ein gjerne vil vere med på og livet generelt. Det resulterer i mindre moglegheiter til å spare, og heller flittig bruk av kredittkortet.  

Mannen i gata endra generelt haldning då økonomien i Noreg fekk eit hopp etter ein fann oljen på 70-tallet. Ein uskriven regel blant mange er gjerne «om det ikkje kostar, er det ikkje verdet det». 

Når det kjem til vin har mange ein fast regel på prisen dei er villige til å betale. Om nokon argumenterer godt kan ein kanskje gå opp nokre kroner, men dette kjem an på interessa og behovet. Samtidig vil eg påstå at nordmenn er langt meir villige til å betale meir for godsakene enn sør-europearar for å passe inn og følgje med i samfunnet.    

Treng det vere dyrt for at det skal vere godt?  

 

Bobler er truleg favoritten å drikke til alle anledningar, då det er aldri ei tid som er feil. Boblene som strøymer rundt i kroppen får humøret opp og gir kroppen ei kjensle av glede. Viktigast av alt er smaken; fruktig, leikande og med god syre – dette kjem sjølvsagt an på opphavet til den musserande vinen.  

Les meir om musserande og Cava her.    

Café Herman.jpg

Om du er interessert i ein rågod, fruktig musserande vin har cavaen frå Spania, Grans Moments, vore min klare favoritt i mange år. Til den nette sum av 120 kr får du tydlege, tørre og strukturerte bobler som ein både kan drikke åleine eller til enkle rettar. Vinen er ikkje spesielt avansert, men absolutt verdt prisen. Eller sett frå eit økonomisk perspektiv; her får du mykje vin for pengane.  

Nyt vinen sjølv eller gi den i gåve, det slår sjeldan feil.  

Sanninga er at det ikkje treng vere dyrt for at det skal vere godt, men innhaldet må kunne representere prisen eller aller helst vere litt betre. Noko denne vinen absolutt er!