Anniken England

Intim tango for to 

Anniken England
Intim tango for to 

Bestemt gjekk han mot meg, kjent for å vere direkte og tydeleg i sin tale.

Rundt han var det kaos, og det var like før atter ein konsert skulle vekke heile Bergen til live og legge grunnlaget for ein festfylt kveld på Verftet. 

Eg hadde funne meg godt til rette, men var fortsatt litt beskjeden rundt dei erfarne og rutta personane. Det var ingenting eg heller ville enn å lære alt, og det fort. Kunsten er å bli så god at ein kan leike seg i jobben og derav gi dei rundt så god oppvarting som mogleg.  

Like før kvelden skulle brake laus var temperaturen høg og stressnivået til å ta og føle på. Ein lengre dialog var der ikkje tid til om ein skulle vere klar i tide, sjølvsagt. 

 Bilete er henta frå   Anders Husa si heimeside  . 

Bilete er henta frå Anders Husa si heimeside

Nøgd slo han i baren, smilte og sa ”du skal på Tango”, før han gjekk like fort ut som han kom inn. 

Lenge hadde utelivsbransjen i Stavanger blitt omtalt med grøss og gru.  Alle hadde historiar, men ingen av dei rundt meg hadde arbeidserfaring derifrå. I korte trekk gjekk talen om ekstremt lange arbeidsdagar, tøft miljø, krevjande kundar og generelt høgt fagleg nivå. Nokre grøssa, eg smilte.  

 Bilde er henta frå heimesida   Stavanger Sentrum.  

Bilde er henta frå heimesida Stavanger Sentrum. 

Dess hardare, dess betre.  

Ein månad seinare var eg på plass. Kjellarleilegheita på Egenes var ikkje akkurat å skrive heim om, og den fyrste veka sov eg i ulltøy fordi eg mangla ALT. Men, ettersom eg knapt nok var heime gjekk jo det bra. 

På Tango Restaurant i Stavanger vart eg møtt av eit svoltent, kreativt og relativt ungt miljø, samt svært eplekjekke folk. Alle som éin dedikerte nesten all si tid til jobbene, men det tok tid før ein fekk opparbeide seg tillit i jobben ein gjorde. 

Ein kunne gjerne grøsse i førevegen, for ja, både tempoet og kompetansen var ekstremt høg. Sanninga er likevel at når ein må vere skjerpa, prestere og alltid sitte på litt ekstra informasjon som kan gjere kunden nøgd, er det ekstra moro! Majoriteten av gjestene som kom på besøk var vane med eksepsjonell service og opplevingar i form av mat og vin. Då koden var knekt og ein kunne leike seg, DÅ var det moro då! 

 Bilete er henta frå heimesida   Book a Table.   

Bilete er henta frå heimesida Book a Table.  

Eg kunne gjerne fortalt ei rekke historiar, opplevingar og erfaringar du knapt ville ha trudd på, men nokre godbitar er for gode til å dele. Det eg heller vil fortelje om er ein av dei mange kollegane der, nemleg Raymond. 

Som bergensarar flest vart Raymond raskt plassert som den snakkesalige, glade karen som alltid hadde ein kommentar på lur. Helst litt spydig. Han var alltid på, og du kunne vere sikker på at han kom til å kommentere det om du gjorde noko feil. Det hadde han også all grunn til, då han frå dag éin imponerte meg med arbeidet sitt.  

Saman med sambuaren Linn var han den som alltid hadde kontroll og styr på sakene, og sjonglerte mellom arbeid og familieliv. 

I dag er vi begge tilbake i Bergen med kvar vår kvardag, Linn og Raymond har auka familien frå tre til fire og eg har skifta beite innan vinbransjen. Linn og Raymond, med høg kompetanse, har starta heimesida «Kokken og konditoren». Her deler dei gode oppskrifter ein kan leike seg med i kvardagen og til dei meir spesielle anledningane. Med solid kunnskap frå begge kan dei leike seg med råvarene og gi deg dei beste oppskriftene. Om du ikkje har besøkt heimesida vil eg på det sterkaste anbefale deg eit besøk.    

 

 

Difor er det verkeleg ein gladnyheit å kunne melde at eg igjen får samarbeide med dette paret! Som alt anna byrja vi å leike med idear og tankar rundt korleis ein kan spele på lag, før eg plutseleg fekk det føre meg at det sjølvsagt er Linn og Raymond som skal gi deg hemmelegheita på matfronten til jul! 

Julekalenderen er difor spikra med trips og godbitar til julemåltida, vinlinkar og generelt plenty med inspirasjon.