Anniken England

FOR ELLER MOT VINMONOPOLET?

Anniken England
FOR ELLER MOT VINMONOPOLET?

Når eg i 2012 flytta frå Stavanger var eg drittlei utelivsbransjen.

Akkurat kva som var issuet mitt kan eg ikkje svare direkte på, men det var nok ein fase, som med så mykje anna. Eit fuktig liv med lange arbeidsdagar og eg med konstant behov for å halde meg i form – du kan tru eg kava på.  

Heldigvis gjekk det heile over, MEN det resulterte vertfall i at eg la inn ein søknad på Vinmonopolet i Valkendorfsgate i Bergen. Søkte dei etter personell? Nei.  

Framfor å avgrense mine moglegheiter lever eg heller etter mottoet ”det er betre å ha to prosent sjanse enn ikkje å prøve”. Til tider må nok sjølv eg innrømme at eg kan vere ein slitsamt positiv type.  

pexels-photo-682504.jpeg

Som tilsett i polet fekk eg god opplæring og kunne nytte meg av kunnskapsbasen og vinbasen vi hadde tilgang til - Denne er rett og slett eineståande. Det er utruleg kva ein har tilgang til i Noreg, OG, ikkje nok med det, at dyr vin faktisk er billeg i Noreg.  

I Noreg betaler vi nemleg berre for skattar og avgifter, medan vin i andre land vert selt til marknadspris. Det betyr at dei ekstra flotte godbitane du siklar på er langt dyrare i utlandet enn heime, medan dei rimelegare vinane, derimot, er høgare prisa i Noreg enn utanlands.  

Dei tilsette på Vinmonopolet får også smake ein del av vinane før det er nyheitsslepp, og elles også smake på andre varer som er i butikken. Slik får dei stadig eit betre innblikk og meir forståing for ulike vinar enn kva mannen i gata har. Er det nokon du bør spørje om råd, er det difor dei.  

Om vi med tid og stunder må gi slepp på Vinmonopolet, og eller plukke opp vinane våre på Superen, vil det vere trist. Trist fordi vi då ikkje vil kunne finne dei spanande produkta og heller ikkje ha den same faglege kunnskapen like tilgjengeleg. På den andre sida vil vi då, mest truleg, få eigne vinbutikkar der ein kan kjøpe godbitane. Og éin ting er sikkert, personar som arbeider der, har alltid rågod kompetanse. Baksida er at vinane då truleg vil bli vesentleg dyrare.  

Hypotesemakinga om framtida får stoppe der –  tida vil vise kva som skjer.  

Det eg derimot vil formidle er KONSTRUKTIV KRITIKK til Vinmonopolet. Denne gong gjeld det bestilling til kommune utan Vinmonopol. Løysinga og tilbodet her er i utgangspunktet strålande. Det er ingen som kunne sette det som krav at Vinmonopolet skulle gi gratis levering til dei kommunane utan pol, men når dei fyrst har gjort det kan ein vise si glede med å nytte seg av tenesta, GITT ATT den fungerer.  

Ved fleire anledningar har eg nytta med av denne tenesta, og stort sett har det fungert. Det betyr at eg bestiller ønska vin, betalar og plukkar det opp på postkontoret eit par dagar seinare. Vanlegvis har det teke 2-3 dagar, aldri noko meir.  

Under førebuingane til det siste mat- og vinkurset, Norsk julemat med ein vri, på Leikanger, nytta eg meg av denne tenesta igjen. Gongen før kom heller ikkje varene mine, men for å spare tid og ein heil del bæring, nytta eg meg likevel av tenesta denne gongen også.  

Fire dagar etter bestilling oppdaterer eg for ørten gong Posten sin sporingsapp. Det einaste den kunne informere om var at vinane mine var hjå Posten i Oslo. Småleg nervøs ringer eg til Posten for å bli oppdatert på kva som var ståa, og formidlar at eg rekna med at vinane var på plass dagen etter då det alt har gått fire dagar.  

Responsen var vag og det var høgst usikkert om vinane faktisk kom dagen etter eller fyrst på mandag, altså tre dagar etter kurset. Stemma mi dirra og eg prøvde å ikkje hisse meg opp, det var tross alt ikkje dama i den andre enden sin feil, men når folk stadig skuldar på andre har eg grunn til å bli klar i tonen.  

For dama i Posten kunne berre legge skulda på Vinmonopolet og uttrykte at ansvaret låg hjå dei.  

Det resulterte i at eg ringte til Vinmonopolet for å søke til dei som hadde handlekrafta i denne saka. Dei, på den andre sida, kunne fortelle at det no var Posten som sat på varene og at det berre var dei som kunne gjere noko i denne situasjonen.  

I tillegg kunne personen i Vinmonopolet fortelle at eg hadde bestilt varer frå små importørar og at det var årsaken til kvifor det tok så lang tid å få varene levert.  

Ettersom eg jobbar med mat og vin til dagen, har eg kunnskap om kven eg kjøper vin av og om dei er store eller små. Mannen i gata, derimot, kan (truleg) ikkje dette, og for at vi skal kunne nytte oss av denne ordninga må det eit system som fungerer betre. Om ikkje anna, informere kunden om forventa leveringstid, slik at ein har moglegheit til å velje vekk leverandørar som ein ikkje har tid til å vente på dersom tid er ein faktor. 

pexels-photo-305832.jpeg

I stor fortviling og passe sur, måtte eg avbestille alle varene, og plukke med meg nye.  

Sjølv om dette er den andre veldig dårlege opplevinga eg har med Vinmonopolet betyr det ikkje at eg ynskjer å fjerne ordninga, men at ein vidare framover finn ei betre løysing på akkurat dette for å unngå kluss.  

Til å avslutte, prøvde eg å gi ei roleg tilbakemelding til personen i den andre enden om mi oppleving og moglegheiter til forbetring, men responsen var, send inn ein mail.  

SÅ ja, her er mailen. 

P.S. Om du ynskjer å finne ut akkurat kva du skal bestille til jul av vin, få inspirasjon i årets Julekalender 2017.