Smak er læring

Smak er læring

Kan ein bli lei av smak? Og kor mottakeleg er du for nye smakar?  

Personleg blir eg energisk og veldig ivrig når eg kjem over nye smakar. Det kan vere alt frå krydder og urter til råvarer og vin, gjerne i kombinasjon.  

Om situasjonen byr på ein ny smak, ei ny oppleving eller, best av alt, overraskar meg, er det HALLELUJA-STEMNING.  

Eg kan bli som eit born på juleaftan.  

Det same gjeld om eg vil dele ein smak med andre, for å dele ei glede eller for å gi dei ei openbaring over alt det gode som finnast der ute. Om dei sit igjen med ei god oppleving blir eg skikkeleg nøgd.  

Mine søsken har heldigvis gjort jobben med å auke familien og gitt meg eit lite fotballag med tanteborn. I ein underhaldande, men egoistisk kvardag er ikkje akkurat eg den som tek mest omsyn til born og legg opp eit barnevenleg program, MEN ein ting som eg er god på og som eg gjerne kan anbefale deg, er faktisk å lage mat med dei.  

Du MÅ tolerere eit bomba kjøkken. 

Kva gjer no det om dei vert meir engasjerte og faktisk lærer seg å ete meir av det ukjende?  

Eg blir stadig fasinert av foreldre som har ein haug med lister over kva eit born et og ikkje et. Etter at eg og tanteborna har laga eit måltid saman, delt opp ingrediensane, rørt, smakt, forklart og smakt litt meir, ser eg at at deira nyfikenheit til nye smakar blir ei heilt anna.  

Gjennom å bruke tid, late dei få ta del i og bli stolte over å lage til noko ein kan ete, vil ein også oppmuntre dei til å ete fleire nye og ukjende ting på tallerkenen.  

Sjølv vaks eg opp med foreldre som jobba mykje. Maten eg fekk heime var alltid heimelaga, men gjerne tilberedt dagen før eller grytidleg om morgonen før mamma sprang ut for å starte arbeidsdagen.  

For min del var kjøkkenet til morfar heilt sentralt for interessa for mat. Morfar dyrka sine eigne råvarer, køyrde land og strand etter dei beste råvarene og stod time etter time ved grytene for å få fram dei gode smakane.

pexels-photo-461359.jpeg

Mine beste minner etter han er det breiaste smilet ein kan tenkje seg og ein stor mage som vart solid haldt ved like med ei mengde god mat. Medan han smakte seg fram til dei rette smakane tok han seg på magen og nikka nøgd.  

Ikkje alle har ein morfar, men alle treng mat og eit måltid fører ein saman. Det er ofte den tida i døgnet ein snakkar og deler. Difor er det all grunn til å bruke den tida godt. 

Som alt anna treng smak også å utvikle seg, både hjå små og store. Det betyr at ein må prøve litt av alt, og litt om gongen. Munnhola vil sakte, men sikkert opparbeide seg høgare toleranse og før du veit ordet av det er det ein smak ein ikkje kan få nok av.  

Og, sjølvsagt i ditt eige tempo.  

 

Lær meir om vinsmaking her: 

  1. Tips til smaking! 
  2. Korleis smake på vin? 
  3. Er det lukt eller smak som er viktigast?