SMAK -> SMAK -> SMAK

SMAK -> SMAK -> SMAK

Kor ofte smakar du på ein ny vin? Og er det skummelt å velje noko nytt og ukjent?  

For å betre forstå smak skal vi no sjå nærmare på munnen. Vi må ta føre oss det tredje av dei fire stega for å bli ein vinsmakar.  

Les meir om "Korleis smake på vin?" her. 

Som tidlegare nemnt har vi fem primærsmakar, som tunga har den ærefulle oppgåva å registrere. Det unike med tunga er at ein kan dele den opp i fem forskjellige områder tilsvarande desse primærsmakane. Desse områda er meir ømfintlege for akkurat sin primærsmak. 

Registreringa av dei fem primærsmakane vert altså gjort ulike stader i munnen, men kor raskt dette skjer er ulikt frå smak til smak. 

Sødmen vil ein oppfatte relativt raskt, men den vil også forsvinne raskt. Salt og syre vil sitte lengre i munnhola. Ein vil gjerne bruke lengst tid til å oppfatte bitterheita, men til gjengeld vil den sitte lengst igjen også. Umami, derimot, er heilagdommen som gir unike smakar i munnen og som gjer eit måltid komplett.  

For at smaksløkane skal få gjere jobben sin fullt ut må ein rulle vinen rundt i heile munnhula for å samle inntrykka.  

Det unike er at primærsmakane vert korrigerte av det vi oppfattar ved hjelp av nasen.  

Munnhola registrerer ikkje berre primærsmakane, men også konsistens og temperatur. Verken konsistensen eller temperaturen vil kunne påverke aroma i mat eller vin, men er likevel viktige faktorar for heilheitsinntrykket.  

Du har gjerne smakt ein frisk, men noko lukka vin. Nokre vinar kan servere eit par grader varmare for at dei skal få uttrykkje si rette side. Temperaturen påverkar altså korleis vi oppfattar smaken.  

Sist, men ikkje minst, lyt vi seie noko om spyttsekresjonen.

Spyttet er munnens smøremiddel. Berre ein tanke på eit godt måltid eller ei betre flaske vin får ein til å produsere spytt i munnen (vertfall får eg det). Endå meir spytt vert produsert når vi et og drikk. Det unike med spyttet er at det hjelp oss til å løyse opp maten slik at vi lettare kan få tak i primærsmakane. Spyttet hjelp oss også med å halde munnen fuktig slik at vi får ei betre kjensle i munnen.  

Neste gong du skal drikke vin, vel noko nytt, noko du ikkje har drukke før. På den måten er du meir oppmerksom på innhaldet. Ta ein god slurk, rull vinen rundt i heile munnen og kjenn etter - 

Det er no vin blir kjekt!