Anniken England

Sauvignon blanc frå Bordeaux 

Anniken England
Sauvignon blanc frå Bordeaux 

Kva assosierer du med området Bordeaux?  

Store, vakre slott med perfekt klypte plenar (og ikkje minst hekkar) og ein eigen dresskode? Den som berre fiffen kan…? 

Snobbeinntrykket har gjerne vorte forsterka av historisk høg etterspørsel etter vinane og derav stive prisar, slik at raud Bordeaux har vore lite tilgjengeleg for- og lite smakt av mannen i gata.  

Betyr det at det ikkje er drikkbart for oss dødelege? Slett ikkje! 

Bakgrunnen for at prisen har vore høg er rett og slett fordi kvaliteten tilseier det. Attpåtil kan ein sette ein høgare pris då området er ettertrakta og det er mange som ynskjer den same vinen.  

Skulle tilfeldigheita føre deg saman med ein date med ei flaske frå Bordeaux, slå deg laus og nyt!   

Ein av mine betre vinopplevingar er faktisk frå Bordeaux, og då av den kvite varianten. Det er både for den tørre og sjølvsagt, dei magisk søte dessertvinen. Desse gløymer ein ofte då raudvinen til stadigheit er den som er i søkjelyset. 

I motsetnad til USA, der trenda har vore godt eika og feite vinar, ynskjer nordmenn generelt sett meir aromatiske vinar. Vin laga på drua sauvignon blanc er difor det optimale valet for mange.  

Som tidlegare nemnt kan du finne gode utgåver av sauvignon blanc frå Loiredalen i Frankrike, Spania og New Zealand.   

Min klare kvite favoritt er Ch. Guiraud. Som andre kvite vinar frå Bordeaux, er det generelt ein fin balanse mellom druene sauvignon blanc og semillion, noko ein også finn i denne flaska. Det bidreg til friskheit, frukt og fylde. For å få ein litt feitare og meir elegant stil har denne vinen fått ein periode på Sauterne-fat.  

Betyr det at ein skal kutte ut raudvin frå Bordeaux, og heller velje kvitvin? Absolutt ikkje. Du kan finne mange godbitar frå Bordeaux, anten dei er raude eller kvite, og også gjerne søte.  

Ta med mi anbefaling neste gong du er på utkikk etter noko godt, for denne vil neppe skuffe deg. 

Bestill flaska her 

Og prøv gjerne ei flaske sauvignon blanc med chevre-ost, les og sjå videoen her!!